Ei ferje som ligger ved kai.
Hugs at køyretøyet ditt må vere registrert for at det skal kunne tene opp turar for å slippe sommartakst.

Sommartakst på ferje

Frå 1. mai blir det innført sommartakst for køyretøy på alle fylkeskommunen sine ferjesamband i Møre og Romsdal. Sommartaksten gjeld ut august. Samstundes finst det fleire måtar å reise billigare.

Publisert

Sommartaksten gjeld på alle fylkesvegferjesamband, også på gratissambanda, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i si pressemelding. Det er etablert ei ordning som tek omsyn til fastbuande, pendlarar og næringstrafikk som brukar ferje ofte. Passasjerar reiser framleis gratis. 

Registrer køyretøyet for å unngå sommartakst

Reiser du med same køyretøy meir enn fire gongar på same ferjesamband i perioden, fell sommartaksten bort frå den femte reisa på dette sambandet. På gratissamband betyr dette at det blir gratis etter fire reiser, og for betalingssamband betyr det normaltakst. 

Oppteningsperioden starta 8. april og oppteninga gjeld per samband og gjelder samla for heile perioden. Det betyr at om du for eksempel har reist 4 gonger på eit samband i løpet av juni, kan du reise gratis på samme samband ut august. 

For at reisene skal telle med i oppteninga, må køyretøyet som skal kvalifisere til fritak være knytt til éin av disse avtalane: 

  • Autopass-ferjeavtale (med innbetalt forskott)
  • FerryPay-avtale (med betalingskort i avtalen)
  • Brikke-avtale (etterfakturering via brikkeleverandør)

Redusert pris med null-utslepp og Autopass-ferjeavtale

Har du Autopass-ferjeavtale med innbetalt forskot, betalar du halv pris på ferjeturen. Dette gjeld også for sommartaksten. Det er viktig å vere merksam på at det må vere ferjeavtale med forskot, ikkje berre brikke eller vanleg AutoPass-avtale for veg. 

Personbilar med eldrift får 30 prosent rabatt på ferje. Du treng ingen av dei nemnte avtalane for å få denne rabatten. Har du i tillegg AutoPASS ferjeavtale, blir rabatten rekna oppå prisen etter AutoPASS-rabatt. 

Sjå autopass.ferje.no for meir informasjon og for å opprette avtale.

Powered by Labrador CMS