Oppdatering/retting- Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Kartskisse som viser arbeidsområdet på FV 65 fra Bæverfjorden til like forbi Nordmarka skisenter.

Vegarbeid på fylkesveg 65 Bæverfjord - Surnadal – kolonnekøyring og opp til to timar ventetid, men open veg på natta og i helgane

På fylkesveg 65 vil det vere vegarbeid i om lag 6 veker, frå 9. september. Arbeidsområdet strekkjer seg frå Bæverfjorden, etter avkøyring til Vollavegen, og forbi Nordmarka skisenter.

Publisert Sist oppdatert

Møre og Romsdal fylkeskommune beklagar ein feil i tidlegare utsendt melding om vegarbeid på Nordmarka i Surnadal. Vegen blir ikkje stengt heile døgnet. Riktig informasjon er som følger:

I samband med arbeidet blir vegen periodevis stengt mellom kl. 7.00-21.00 mandag - fredag. Det blir kolonnekøyring samtidig med bussavgangar. Mellom bussavgangar må ein pårekne inntil 2 timar ventetid.

Vi oppmodar dei som kan om å begrense antal køyreturar forbi arbeidsstaden.

Fylkesvegen vil fremstå som en dårlig grusveg i arbeidsperioden, men er open for trafikk når det ikkje pågår arbeid. Det vil seie at vegen er open mellom kl. 21.00-7.00 på nettene mandag - fredag, og heile døgnet laurdag og søndag.

Utrykkingskøyretøy kan passere på kort varsel.

----

FØR dette, fram til 6. september, er det en plass på strekninga der eitt køyrefelt er stengt, og lysregulering.
Dette står på Statens vegvesen sin heimeside 

Fv. 65 Langmyra i Surnadal, Møre og Romsdal - fv. 65 Grovmyra i Surnadal, Møre og Romsdal. Vegarbeid, ett stengt kjørefelt, gyldig mellom 07:00 og 15:00 mandag, tirsdag, onsdag, torsdag og fredag fra 02.09.2024 til 06.09.2024. Fartsgrense 50 km/t, lysregulering.

- Trollheimsporten beklagar tidligare feilinformasjon rundt dette.-

Powered by Labrador CMS