LESERINNLEGG:

Smilende kvinne i turkis skjorte foran grønt løvverk og et gult hus.
Marit Aklestad,  Nestleiar og gruppeleiar Møre og Romsdal SV

Endeleg tannhelse!

Publisert

Endeleg gjennomslag for tannhelsereform! Etter mange år med iherdig jobbing, har vi i SV endeleg fått med oss heile det raudgrøne laget på ei ordentleg tannhelsereform. No stiller både AP, MDG, R og SP seg bak denne historiske satsinga på rimeleg tannhelse for alle!

Dette er utruleg positivt på fleire måtar. For det første får vi fjerna det unaturlege skiljet mellom tennene og resten av kroppen. No blir tannhelsa rulla gradvis inn i folketrygda. Det skal ikkje vere dyrare å gå til tannlegen enn til legen, og det skal ikkje vere annleis å brekke ei tann enn å brekke ein arm!

Frå før har SV sikra at over ein halv million nordmenn har rett på rimelegare tannhelse. No kjem framlegget om ei heilskapleg reform, basert på SV sin modell, der stadig fleire årskull og grupper blir tekne inn i den offentlege tannhelsa. Det er historisk, og det er gledeleg!

For det andre viser det at dei raudgrøne partia kan finne saman om store, felles satsingar som utvidar velferda for alle. I ei tid prega av polarisering, splitt og hersk, er samarbeid om ei felles retning på raudgrøn side svært positivt. Slik raudgrøn politikk treng vi meir av!

For det tredje handlar det om å styrkje velferdsstaten si avgjerande rolle for å utjamne forskjellar og gi folk tryggleik og fridom. Vi i SV vil alltid gå i bresjen for breie, universelle ordningar som når alle. Dei er bra for alle, og aller best for dei med minst. Gjennom dei siste statsbudsjetta, har vi eksempelvis fått gjennomslag for å auke barnetrygda og få ned barnehageprisen. I 2022 var barnehagen dobbelt så dyr som barnetrygda. No er det omvendt, barnetrygda er dobbelt så stor som barnehageprisen! Det betyr svært mykje for kvardagsøkonomien til folk, og aller mest for dei med dårlegast råd.

No når semja om tannhelse er på plass, blir det viktig å sikre midlar til satsinga framover, slik at reformen får bein å gå på. Vi gir oss ikkje før alle har råd til å smile. Med regjeringa på laget, må vel dette gå radig utan for mange dragkampar. No tettar vi holet i velferdsstaten!

Marit Aklestad
Gruppeleiar, Møre og Romsdal SV

Powered by Labrador CMS