Edvin tek avskjed med grisane sine. Han har mata, stella og kosa med grisane sidan i vår. Det er mykje arbeid med grisane, dei får mykje mat frå butikkane, men sidan maten er rå må han kokas før grisane kan ete det.

Slakting i Børset

Siste helga i oktober var det griseslakting i Børset. Trollheimsporten fekk vera med på heile prosessen, frå avskjedskos til ferdig matprodukt.

Publisert Sist oppdatert
Koking av vatn til skolding av grisane. Ola Bakken, Laila Børset og Mathilde Eidnes Bakken.
Mykje folk kom og såg på, det er spanande med griseslakting.
Tapping av blod. Bla vidare for fleire bilete (NB: Enkelte sterke bilete)

Laila viser fram slaktervesten sin.
Mykje god grisemat, kotelettar, ribbe, bogar. Grishauet blir bruka til sylte. All maten er til eige bruk.
Gøril fyller opp leverposteiforma. I leverposteien er det lever, flesk, kjøtt, løk, melk, potetmjøl og krydder.
Finskjering av kotelettar og skinke, Mathilde Eidnes Bakken, Laila Eidnes ,Laila Børset og ryggen til Eva Bakken.
Mali Eidnes Bakken sto i ein og ein halv time og reinska lauk, lauken blir bruka til kjøttdeigen og leverposteien.
Nils Bakken, Ola Børset og Magnus Bakken lagar kjøttdeig av lauk, mjøl, egg, krydder, mjølk, sideflesket, bogen, diverse avskjær og hjartet. Ølet er ikkje ein kjøttdeigingrediens, noko Trollheimsportens utsendte trudde, men til hygge ved arbeidsbenken.
Søskenbarna tar seg ein velfortent kaffepause. Mathilde Eidnes Bakken, Magnus Bakken, Mali Eidnes Bakken og Mia Bakken.
Heimelaga leverpostei og sylt på brødskiva, er det noko som smakar betre?
Powered by Labrador CMS