Siste åpningsdag på søndag
Galleri Sand Nordmøre i Todalen opnar igjen til hausten, men dato er førebels ikkje fastsett.
Søndag var det siste opningsdag for Galleri Sand Nordmøre for denne gongen. Galleriet har vore ope i 4 veker, så no må vi prioritere prosjekt vi har igang i Oslo-området i nokre veker, seier Aune Sand, som er travel oppteken med å pakke ned utstyr og som skal nå ferja på Kvanne.
No blir det altså pause til det blir mørke haustkveldar, men da er jubileumsutstillinga til Galleri Sand Nordmøre på plass igjen i den gamle skulebygninga i Pilskarvegen.