Stangvikfestivalen:

Siri Skjerve

Lokal og berekraftig utstilling med Siri Skjerve

Fredag kveld opna Stangvikfestivalens kunstutstilling med festivalkunstnar Siri Skjerve. Ei spennande utstilling som visar kva for råvarer kunsten og kunstnaren ta i bruk lokalt.

Publisert

Utstillinga vart opna av den finske oboisten Panu Sivonen, som framførte musikk av Benjamin Britten til eit lydhøyrt publikum. Kveldens velkomsttale var ved Britt Dyrnes, som med stort engasjement tok oss med inn i Siri Skjerves verd. – En påminnelse om vår egen opprinnelse, grense mot verden og vår forgjengelighet. Skinnet og hud visualiserer refleksjoner om oss som mennesker sett fra avstand.

Panu Sivonen fekk æra av å opne Stangvikfestivalens kunstutstilling

Kollega Torill Redalen studerte kunst saman med Siri Skjerve i Bergen. I si beskriving av kunsten seier ho at det handlar om ei bevisstgjering over kva man har og om berekraft. At man lokalt undersøker kva man har tilgjengeleg, som i Siris samanheng bruken skinn og hår. Staden man bur på skapar kunsten og handverket. Når ein har vore ute ei stund, får ein sjå kva ein har lokalt på ein heilt anna og ny måte seier ho.

Bilde: Komponist Kristan Blak frå Færøyane fekk inspirasjon frå Siri Skjerves utstilling

Ein av Stangvikfestivalens komponistar, Kristian Blak frå Færøyane var begeistra over utstillinga. Han var veldig imponert over det han fekk sjå.

-Dette er kreativt. Korleis ho har brukt råvarer frå naturen gir han ein parallellar til sitt eige virke som komponist. Dette var veldig inspirerande seier han.

Siri Skjerve, her saman med Britt Dyrnes, var tydeleg stolt og rørt over kveldens oppmøte på opninga av kunstutstillinga

Siri Skjerve seier om utstillinga at den handlar om vår plass og vårt forhold til naturen, at vi er uløyseleg knytt saman. Fellesnemnaren som Siri peikar på, er proteinet keratin som finst i skinn og hår, at vi delar dette proteinet med dyreverda. Arbeida ho visar fram, med bruken av dyreskinn og menneskehår visar nett det.

Utstillinga til fulltidskunstnar Siri Skjerve er open gjennom heile festivalhelga, og laurdag kl.17:00 er det kunstnarsamtale med Siri og kunstnar Sanna Svedestedt Carboo.

Noko av kunsten publikum kan få sjå på utstillinga
Powered by Labrador CMS