Bjørn Tore er klar med ny låt:
– Det er klart at "Like blid" måtte spelast inn i Surnadal!
Bjørn Tore Brøske sine songar har i løpet av berre tre år runda 200.000 avspelingar på Spotify, og tidlegare i år gav han ut god, gammaldags vinylplate. No er han klar med ny utgjeving.
Den irsk-inspirerte og humørfyltefolkrock-låta "Like blid" er innspelt i DreamFarm Studios i Surnadal, med solid hjelp fra dyktige og lokale musikarar.
– Eg har brukt DreamFarm fleire gonger før. Fire av dei tidlegare songane mine er spelt inn der, og Ola Langli og Frank sPoon Botten gjer alltid ein god jobb med teknikk og produksjon, fortel Brøske.
Surnadalingen bur i Larvik, men tek seg gjerne turar til heimbygda når nye songar er i emning. Det skjedde også i påska i år, da "Like blid" vart gjort ferdig i løpet av to konsentrerte dagar i øvingslokale og studio.
Den nye låta blir lansert digitalt fredag 1. mai, og backingbandet består av Ola Langli (banjo, slidegitar), Sondre Skogseth (kontrabass, koring), Brage Kristian Einum (trekkspel, koring), Erkki Morten Klami (akustisk og elektrisk gitar, koring) og Olav Nergård Tørset (trommer, perkusjon, koring).
– Dei har verkeleg fått det til å svinge av låta, og gitt den feststemninga eg var ute etter, fortel Brøske. Han legg ikkje skjul på at han i denne songen er inspirert av mellom andre den irsk-britiske folk/punk-gruppa The Pogues.
– Ja, inspirasjonen er slik det blir fortalt i førsteverset av "Like blid". Det var ein regnvérsdag i bilkø på veg til arbeid, der eg visste det var mykje rutinearbeid som skulle gjerast. Da dukka ei låt med ei av favorittgruppene mine frå 80-talet, altså The Pogues, opp på radioen. Energien i låta var det umuleg ikkje å bli smitta av.
– Tankane gikk 40 år tilbake i tid, til tida rundt 1986, da vi var fulle av ungdommeleg overskot. Det var tida før det seriøse vaksenlivet slo inn, da det var berre gode dagar, flørting, fest - og innimellom tjuvlåning av syklar, he he!
Bjørn Tore Brøske, som er redaksjonsleiar i Jarlsberg Avis i Holmestrand, har skrive songtekster til artistar som Helge Gravvold, countrylegenden Arne Benoni og Nordic Tenors-medlem Jan-Tore Saltnes. Han spelar også bass i det vestfoldske rockebandet The Gus Syndicate, men bestemte seg for tre år sidan for å gi ut egne songar som "soloartist".
– Skriv "soloartist" med hermeteikn. Sjølv om songane som så langt er gitt ut digitalt har fått bra oppmerksomheit på radio og hyggeleg mange avspelingar på Spotify, er dette først og fremst ein hobby. No skal det seiast at stadig fleire meiner eg bør opptre live med songane, så vi får sjå... Eg prøvde jo å bli rockestjerne allereie på 80-talet i Surnadals-band som Neighbours, Exodus og Southern Comfort. Det var den tida det var samfunnshusfester i helgene i kvar minste bygd i Midt-Norge, så det vart mange spelejobbar. Rockestjerne vart eg ikkje. Satsa heller på journalistikken. Så får andre vurdere om det var eit opp- eller nedrykk, sier 60-åringen med et smil.