Åge Aleksandersen, Gunnar Pedersen og TrondheimSolistene på scena i Nidarosdomen under Olavsfestdagene i Trondheim.

Åge og TrondheimSolistene-konsert avlyst

Det melder Laget Vårsøg fredag. Konserten settes opp igjen når koronasituasjonen tillater det.

Laget Vårsøg har saman med artistane kome fram til at vi dessverre er nødt til å avlyse konserten med Åge Aleksandersen og TrondheimSolistene i Stangvik kyrkje, grunna restriksjonane kring korona-situasjonen. Kjøpte billettar blir refunderte.

Dei noverande restriksjonane kring smittervernet gjer at det ikkje let seg gjera å gjennomføre konserten slik som først planlagt. Vi har saman med Åge og TrondheimSolistene jobba med fleire alternativ for å få gjennomført konserten.

Eit av alternativa, var å gjennomføre 2 konsertar den 7. november i Stangvik kyrkje. I Stangvik kyrkje er det ei begrensning på 150 stk pr konsert, og dermed hadde 200 publikumarar med billett ikkje fått plass, sidan det er solgt 500 billettar til konserten.

Det er uaktuelt for oss i Laget Vårsøg å avvise nokon av vårt publikum, noko vi håpar på forståelse for.

Vi har imidlertid fått på plass ein ny avtale med Åge og TrondheimSolistene, om at dei kjem att til Surnadal og held konsert i Stangvik kyrkje når samfunnet åpnes opp igjen, og ein-metersregelen er historie. Vi kan sjølvsagt ikkje koma med ein konkret dato for billettsal og konsert no, men det vi kan lova, er at det heilt sikkert blir Åge-konsert i Surnadal på eit seinare tidspunkt.

Billettane til den avlyste konserten med Åge og TrondheimSolistene vil bli refundert. Refunderinga vil foregå slik:

  • eBillettar vil automatisk bli refundert, og beløpet vil bli tilbakebetalt til konto.
  • Billettar kjøpt på Surnadal kulturhus, vil bli refundert om kunden leverer inn gyldig billett og oppgjev sitt kontonummer. Pengane blir tilbakebetalt til kundens konto. Ingen kontant-utbetaling.

Det åpnes for refundering av billettar frå tirsdag 13. oktober 2020, på Surnadal kulturhus.

Powered by Labrador CMS