Surnadal kommune melder:

Sjukeheimen gjenopprettar normal drift etter ein midlertidig besøksstans sidan onsdag

Rindal kommune melder i dag den gode nyheita om at nye testar av dei aktuelle personane i Rindal er negative. For Surnadal kommune betyr dette også at eventuelle forgreiningar til vår kommune er under kontroll.

Surnadal kommune opprettheld beredskapen ved sjukeheimen og gjennomfører rutinemessig kvalitetssikring i etterkant av at ein tilsett ved sjukeheimen var berørt. Det er innført midlertidig besøksstans inntil vi har fått bekrefta nye negative testar ved sjukeheimen i løpet av dagen.

Vi har grunn til å forvente negative prøvesvar også her. Vi vil kunngjere at besøksstansen ved sjukeheimen er oppheva så snart situasjonen er bekrefta.

Situasjonen som oppstod i går kveld er ei påminning om kor raskt biletet kan endre seg. Denne gongen heldigvis i gledeleg retning. Kommuneoverlegen ber alle halde fram med å vise ekstra aktsomheit i sosiale samankomstar og raskt be om testing ved symptom eller mistanke om smitte.

Ei anna gledeleg nyheit er at vi i neste veke startar opp med koronavaksineringa ved sjukeheimen. Det vil ta ei tid før vaksineringa ved sjukeheimen er fullført og før andre risikogrupper får tilbod om koronavaksine. Dette kjem vi tilbake til.

Med dette ønskjer kommuneleiinga i Surnadal alle ein triveleg nyttårskveld og eit riktig godt nytt år!

Oppdatert kl 15.00 nyttårsaften:

Sjukeheimen gjenopprettar normal drift etter ein midlertidig besøksstans sidan i går.

Personar berørte av smitteavklaring ved sjukeheimen vart i dag rutinemessig testa som eit førebyggande tiltak i protokollen for kvalitetssikring av drifta. Alle har testa negativt og besøksstansen er oppheva., til glede for bebuarar og tilsette.

Vi minner om gjeldande besøksrutiner for jula og ber om førehandsavtale ved besøk.

Velkomne!

Helsing oss på sjukeheimen