Annonse
Surnadal kommune melder:
Arbeidsgjevarar må søke om godkjenning av innkvartering for innreisekarantene
Innkvarteringa som arbeids- og oppdragsgjevarar stiller til disposisjon for utanlandske arbeidstakarar i innreisekarantene, må heretter førehandsgodkjennast av Arbeidstilsynet.
Må få innkvarteringa godkjent på førehand
Arbeidsgjevarar kan tilby godkjent innkvartering for innreisekarantene på to måtar:
- Hovudregelen er å innlosjere utanlandske arbeidstakarar på eit godkjent karantenehotell straks dei kjem til norskegrensa.
- Alternativet er å få godkjent innkvarteringa av Arbeidstilsynet.
Arbeidstilsynet melder i ei pressemelding 19. februar at ordninga er eit tiltak for å begrense koronasmitte i arbeidslivet. Les pressemeldinga her.
Det er nok å søke om godkjenning ein gong. Godkjenninga opphøyrer dersom det ved tilsyn blir avdekka at lokalitetane ikkje oppfyller krava for egna opphaldsstad ved innreisekarantene.
Søknadsskjema
Det vil bli muleg å søke om godkjenning frå måndag 22. februar 2021 kl. 12.00. Søknadsskjema og meir informasjon finn du på Arbeidstilsynet sine nettsider.
Saka er henta frå Surnadal kommune si heimeside.