Tradisjonshelg i Rindal

Odd Arne Halaas steppa sporty opp som vokalist for Over Stok og Steen under siste songen. Det resulterte til ein selfie frå scena som viser den fine stemninga på Torshall laurdag.

Innhaldsrik spellmannsmønstring med kvalitet og speleglede

Blæst´n bles det heile igang med "Brura mi" som Ronny Kjøsen har komponert, og sjølv var med å spela. Den eine perla etter den andre blei presantert frå musikalske talenter i heile to timar og tre kvarter under Spellmannsmønstring i Torshall laurdag kveld.

Publisert

Fint samarbeid mellom musikarane

Av ulike grunnar kunne dessverre ikkje alle møte med fullt mannskap. Men det stoppa dei ikkje. Musikarane hjalp kvarandre, og vikarierte der det trongs. For eksempel var arrangør og "potet" Ronny Kjøsen oppe og spela minst eit halvt dusin gonger, innimellom at han hjalp til bak scena og rundt i kring.

Det var fint å sjå kor morosamt aktørane hadde det på scena både saman med sine vande medmusikantar og med nye.

Lydmann Vegard Moshagen frå Fron i Gudbrandsdalen var på plass, arrangør Trøen Kammersmusikk hadde full kontroll og alt var berre heilt eineståande.

Kvalitet i fleng

Medan føtene trampa i takt, trilla Orkland trekkspillklubb (tidlegare Orkdal) fram dei finaste tonar på trekkspel, gitar, bass og trommer.

Orkland trekkspillklubb. Roar Feragen song i tillegg til å spele bass.
Jan Sturla Jensvold frå Rindal er musikalsk leder i Orkland trekkspillklubb. Her spelar han sjølv solo på trekkspel da Blæst´n var på scena.

Dalagutan starta med å spele til dans og har halde det gåande i 43 år. Dei har vore seks mann på det meste. Dei har gjort det godt på Titanofestivalen og andre festivaler rundt om i landet.

Sjølv no når dei er berre tre mann skapar Dalagutan utvilsomt mykje liv på scena med både god song og musikk.

Alderen var spreidd på dei mange aktørane som opptrådte på konserten. Det veks opp mange ungdommar som viser klasse i det dei presterar.

Halaas pratar med Ne´luggu før dei framfører gledesspreiande toradermusikk med gitar og kontrabass.
Runa Tunheim er óg ei av dei unge talenta. Ho har spela fele sidan barneskulen. Med hardingfela fylte ho laurdag Torshall åleine med blant anna ein særs fengande versjon av "Ita Kvitløk" av Henning Sommerro.

Trond Larsens kvartett - laurdag utan Larsen - var av dei som hadde vikarar på scena. Dei stilte med ein og ein halv mann, som dei sa, da den eine som steppa inn, er son av ein i gruppa.

Trond Larsens kvartett. Sjølv med mesteparten av mannskapet som stedfortredere, gjekk det i høgt tempo, og det var tydeleg dei kosa seg saman.
Duoen Ragna Valde Sletten og Vegard Hansen spela mesteparten sjølvkomponert musikk, som kunne gå både frå raske og rolege tonar.
Vinnere av Landsfestivalen i gammeldansmusikk 2013, Véromslaget, spela til stor glede for publikum.
Eriks skapte liv med "Jentenes vals" og "Jammen va det livat".

Songar, musikar og humorist Odd Arne Halaas var konsertens konferansier. Han kom med mange gode historier og vitsar medan det var skifte mellom musikarane som opptrådte. Her opptrer han og syng for publikum:

-E væt kje ka e ska spælla. He di nå ønske?

Odd Arne Halaas trollbatt salen med sin stødige stemme og trekkspeling med songane "Morfar har berettad" og "O store Gud".
Meldal spellmannslag presenterde seg på artig vis og spela mellom anna ein vals fra Rennbuskogen.
Torgeir Leivdal frå Gjemnes og Surnadal spela på hardingfele frå Halvor Ørsal som livnærte seg på å spele fele. Fela er frå 1910. Han laga mykje sjølv. Her framfører Leivdal "Haukås polsdans".

.

Marit Løfaldli overrakte blomster, rosa og set stas på Solveig Grytbakk for innsatsen hennar for musikk og kulturlivet i bygda. Vel fortent!

Oldtimers er eit danseband som spelar 50-, 60- og 70-talsmusikk, og blei hedra med kulturprisen i 2012.

-"En, to, tre, fir´..." Magne Lillegård i Oldtimers heldt takta medan han óg hadde tunga rett i munnen. Her er det trommisen som er vokalist.

Over Stok og Steen har spela saman i 26 år med same gjengen. Dei spelar gamaldansmusikk. Dei vann FolkLarmprisen for beste plate i kategorien Dansespel 2022 og gjekk til topps i landsfestivalen.

På konserten introduserte Over Stok og Steen kva dei skulle spela, og siste song skulle bli "Annas visa" med Odd Arne Halaas som vokalist. Han tok invitasjonen på strak arm, og hoppa på scena.

Dei blei einige om å ta den i F-dur.

-Vi spelar ein A- og ein B-del først, sa dei før dei drog laus.

Ein skulle ikkje tru anna enn at dei har spela og sunge saman alltid.

Halaas syntes det var ei ære å synge med dei, og dette måtte forevigast. Resultatet blei selfien øverst i denne saka.

Nasjonalt nivå i ei lita bygd

Etter konserten kunne konferansieren fortelje til Trollheimsporten at han var særs nøgd med konserten, og at den musikalsk heldt eit nasjonalt nivå.

Slik sett litt rart at fleire ikkje kjende sin besøkstid, og fekk oppleve denne innhaldsrike kvalitetskonserten.

Rett fra konsert til dans

Etterpå skulle same gjengen og nokre til spele til dans både på lokalet og likeså på Bolme pensjonat på andre sida av vegen.

Hemne trekkspillklubb starta opp i Bolme pensjonat klokka ni laurdag kveld, da det blei dansing allereie i første låt.
Powered by Labrador CMS