Kari Bremnes og en musiker på Leikarvollen scene.

«Korr dåkker bor?»

Ja, det var det norsk musikks førstedame sa da ho kom på scena laurdagskvelden. Ho tykte det var veldig mykje folk men forferdeleg lite hus ikring konsertlokalet! Lokalet var smekkfullt, og det osa både av solvarme tilhøyrarar og kvalitet på scena denne sommarlege mai-kvelden!

Publisert

Men aller først var det Axel Frønes som entra scena. Axel er ein hverdagpoet og låtskrivar frå Åfjord og han gav oss tre sjølvskrevne låter. Ein skreve saman med sjølvaste Trygve Skau. Vokal, gitarspel og tekst sto til toppkarakter og gav oss gåsehud sjølv om det sikkert var tretti varmegrader i lokalet! Denne karen får vi høyre meir frå i framtida! Garantert!

Etter ein liten pause, kom Kari Bremnes og keyboardist Bengt Hanssen inn på scena. Ifølge arrangør Edvin Nessæther, var det litt dramatikk før konserten, då keyboardet til Hanssen hadde streika tidlegare på dagen. Nytt keyboard måtte skaffas, og løysninga blei å henta inn keybord frå Averøya! «E vart litt sveitt da», uttalte Nessæther! Men dei fikk bytta keyboard i tide!

Konserten opna med låta «Det einaste vi ville» og det vart klart at dette ville bli ein kjempekonsert! Det var nesten så det var fullt band på scena, for Hanssen trakterte keybordet på ein meisterleg måte og Karis røyst lèt nydeleg! Som vanleg. Kjende Bremnes-låtar kom på rad som villjordbær på eit strå, søte og velsmakande! Kari var innom både krigen i Ukraina og Israels maktmisbruk mot palestinarane. Og for å setje søkelyset på kor forferdeleg det er at mange unge tek på seg uniform og kaster seg inn i krigen spelte ho låta «Det e min sønn» som handlar om å sende eigne barn ut i krigen.

Heilt til slutt fekk vi låta « E du nord», og Bremnes sa i forkant at Bøfjorden og Leikarvollen minna ho om Nord-Norge. Etter låta reiste publikum og gav duoen trampeklapp! Såpass mykje at dei kom innatt på scena og gjorde låta «Alle veit jo det» som Leonard Cohen har skrive, men Bremnes har lagt på norsk tekst.

– Æ kommer tel å følg ætter dåkker for å finnj ut korr dåkker bor, avslutta Bremnes med til stor latter frå salen!

Etterpå kunne vi gå ut i maikvelden, vel vitne om at vi hadde vore med på noko stort! Då gjorde ingenting at utetemperaturen hadde hadde droppa ned 10-15 grader i løpet av konserten!

Takk til Kari, Axel og arrangørar for ei fantastisk oppleving!

Mange mennesker foran et forsamlingshus.
Folksomt allereie ein time før konsert.
Ei dame og en mann oppstilt for fotografering.
Kari Bremnes og ildsjel og arrangør Edvin Nessæther
En mann.
Hverdagspoet og låtskrivar Axel Frønes etter konsert.
Ei dame og en mann som prater med hverandre.
Kari og super-fan Jarle Larsen, som hadde kome ein æren frå Oslo for å gå på konserten. Larsen sa han hadde vore på rundt 70 Bremnes-konsertar etter at han vart fan rundt 2012.
Tre personer foran en bil.
Axel Frønes saman med sin onkel og tante frå Surnadal, som òg hadde teke turen til Leikarvollen.
Tre personer.
Kari Bremnes, Axel Frønes og primus motor Edvin N. Nessæther etter konserten.



Powered by Labrador CMS