Halsa Demenskor:

Halsa Demenskor med assistentar under øving. Turid Røen Kroknes instruerer og dirigerer. Pianist Bernt Bøe kommenterer gjerne: - Det let så reint og fint!

Songen er helsebringande!

Kulturfolk veit det. Helsefolk veit det. Forskarar veit det: Song og musikk er sunt på alle vis.

Publisert

Slik kulturerfaring tek Halsa Demenskor vare på. Her lever gode gamle skulesongar, viser og slagerar i beste velgåande. Det skaper gjenkjenning, trivsel og livsglede.

Inge tok opptakten

Koret fyller eitt år i desse dagar. Da Ingebrigt Steen Jensen, med sin demensdiagnose, besøkte Halsa i februar i fjor, var songveteranen Inge Gudmundsen der. Med si rike korerfaring spurte Inge: - Bør vi starte demenskor i Halsa? Steen Jensen svara kontant: - Ja, så absolutt!

Dermed engasjerte Inge både medsongarar, administrasjon (med Siri Sæterbø i spissen) og daverande Halsa-organist, folkemusikaren Ronny Kjøsen. Frå 7. februar 2023 var Halsa Demenskor i sving som ein aktiv kulturfaktor i bygda.

Ja – stikkordet er nettopp «aktiv»: Sia starten har koret i gjennomsnitt hatt ein opptreden kvar månad – seinast med juletrefest no på nyåret.

Turid - med tru på songarven

Frå i haust er Turid Røen Kroknes instruktør og dirigent. Den utdanna songarinna, med fleire plater og med erfaring frå opera og kyrkjemusikalske storverk, har dertil hyra Bernt Bøe som korets pianist.

– Eg har tru på songarven, slik for eksempel Mads Berg si skulesongbok fekk prege mange generasjonar, seier ho. – Her finn vi menneskelivet i alle nyansar, slik også medlemmane i demenskoret kjenner det.

Tradisjon, men også fornying, pregar songane som koret kosar seg med på kvar torsdagsøving og opptrer med når det høver. «Blåmann, Blåmann» og «De nære ting», «Vandringsvise» og «I natt jag drömde». Forutan eit stort juleprogram som nyleg er lagt til side.

Øvingane blir avslutta med felles kaffestund. Og her manglar det aldri på humor og latter. Koret fyller jo både ein musikalsk og ein sosial funksjon

Songarven sit i minnet

Musikk- og kulturfolk har alltid bruka songskatten med glede og utbytte. Men også helsepersonell og forskarar slår fast, med aukande tyngde, at særleg songen har målbar effekt på fysisk og mental helse. Professor Geir Selbæk gav nyleg ut bok med dokumentasjon på kva tonar og songtekster betyr for demente.

I forsamlingar der allsongen slepp til, sit «Fager kveldsol», Prøysen-viser og julesongar som spikra i minnet - om ymse anna er glømt, Da lever fellesskapet!

Halsa Demenskor er ungt, men samtidig godt etablert. Og no er øvingane allereie i gang til konserten «Vårbrus» i Valsøyfjord kyrkje den 7. april!

Powered by Labrador CMS