Ole Edvard Antonsen smiler og held ein trompet
Ole Edvard Antonsen kjem til Vårsøghelga

Ole Edvard Antonsen kjem til Vårsøghelga

Publisert Sist oppdatert

Ole Edvard Antonsen er eit av mange kjente namn på årets Vårsøgfestival. Styreleiar for Laget Vårsøg Ole Magne Ansnes og dagleg leiar Anders Larsen har lenge hatt eit ønske om at Antonsen skulle komme til Surnadal, og i år klaffa det endeleg.

Med kunst, ulike musikksjangrar, debatt og litteratur byr Vårsøghelga på mange kulturelle opplevingar.

– Vårsøghelga er ein festival som er open for mange ulike uttrykk, seier Anders Larsen.

Drivadebatt, kunstutstilling og nye Vårsøgscener

Årets Drivadebatt blir i år ein kickstart på valkampen, der kjente politiske fjes vil delta. Sidan det er Vårsøghelg blir eit av teamaa kunst.

Torsdag blir det også opning av kunstutstilling av festivalkunstnar Nirmal Singh Dhunsi. Han kjem frå India, men er busett i Trondheim.

Same dag blir det konsert på ein ny arena for Vårsøghelga, nemleg på Dreamfarm studio på Øyamoen.

– Vi har mange unike scener i Vårsøghelga, vi liker å synleggjere mangfaldet av kultur og arenaer vi har i bygda, seier Anders Larsen.

Dreamfarm studio byr på ei intim scene der artistane får tett kontakt med publikum. Artistane er både lokale og «utabøgdes».

Konferanse, foredrag og pub

Vårsøghelga gjentek suksessen frå i fjor og arrangerer konferansen «Saman for Surnadal», i samarbeid med Sparebank1 Nordmøre og Surnadal næringsforening. Teamet er «Litt utanfor allfarveg», og handlar mellom anna om mot til å tenkje nytt. Det blir også musikalsk innslag av Roar Engelberg på panfløyte.

På Surnadal billag blir det konsertforedrag om forfattarane Kristofer Uppdal og Hans Hyldbakk: "Ei vandring i to lyriske landskap». Ine Hoem, Trygve Fiske og John Pål Inderberg speler musikk av Trygve Brøske, Henning Sommerro og Gunnar Germeten jr.

Seinare på kvelden blir det konsert og pub på billaget.

Kulturskulekonsert, Boksøg og «Kvartett tidens ende»

Laurdag får vi konsert av kulturskuleelevar. Både Ansnes og Larsen er opptekne at unge musikarar skal få plass i Vårsøghelga.

– Det er ikkje noko som inspirerer meir enn å få opptre, og å få respons på det ein gjer, seier Ole Magne Ansnes.

Det blir to Boksøg denne Vårsøghelga. Begge boksøga blir leia av Svein Sæter, i samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag. Første boksøget blir laurdag med Guri Sørumgård Botheim. Da blir det musikalsk innslag av Sigurd Brørs. Andre boksøget blir arrangert i Stangvika på søndagen. Der skal Svein Sæter snakke med ein lokal forfattar.

I Finstuå på Surnadal Kulturhus, omkranset av Nirmal Singh Dhunsi sin kunst, får vi høyre eit stjernelag av musikarar, Øyvind Gimse (Cello), Mona Spigseth (flygel) Daniel Turcina (fiolin) og Rik De Geyter (klarinett).

Dei skal mellom anna spele «Kvartett tidens ende» som er skrive av Olivier Messiaen da han satt i konsentrasjonsleiren Stalag i 1940-41. Stykket vart urframført utomdørs under svolt og kalde forhold, og på delvis øydelagde instrument.

Eit gripande stykke musikk ein ikkje bør gå glipp av, ifølje Anders Larsen.

Kleivakveld

Høgdepunkt under Vårsøghelga brukar å vera Kleivakvelden.

– Det blir hæla i taket. Vi får som vanleg oppleve Henning og John Pål i strålande form, nye fantasifulle dikt av grunnskuleelevane, Kleivapris, panfløytefenomenet Roar Engelberg.

Elisabeth Bettan Andreassen og Knut Marius Djupvik.
Elisabeth Bettan Andreassen og Knut Marius Djupvik.

–I tillegg kjem to av våre aller beste og mest energiske vokalistar saman på Kleivascenen, Elisabeth Bettan Andreassen og Knut Marius Djupvik, fortel Anders Larsen og Ole Magne Ansnes.

Kyrkjekonsert i Stangvika og operamusikk i Storstua

Søndag blir det konsert i Stangvik kyrkje med mange store namn.

–Vi får besøk av ein av verdas beste trompetistar som i tillegg er ei av Noregs aller største internasjonale stjerner. Ole Edvard Antonsen har vore solist på dei største scenene i over 40 land. Carnegie Hall NY, Berlin Filharmonien, Musikverein i Wien, Sidney Opera House og no altså i Stangvik kyrkje, fortel Anders Larsen.

Antonsen skal spele saman med ein av europas beste organistar, Erling With Aasgård, og Petter Anthon Næss.

Publikum får også oppleve eit av Noregs beste blandakor. Kammerkoret Aurum med base i Trondheim.

– Koret blir dirigert av Eva Holm Foosnæs, og utmerkar seg med sin nyskapning og kvalitet, fortel Anders Larsen.

–Denne konserten kan fort bli den aller største konsertopplevinga på Nordmøre i 2023!

Vårsøghelga blir avslutta i Storstuå med eit samarbeid med Operaen i Kristiansund.

Det blir songar frå våre kjære lokale Nordmørsmusikalar, i tillegg til høgdepunkt frå dei store internasjonale musikalane, seier Ole Magne Ansnes.

Karianna Sommerro er songsolist saman med Emil Solli Tangen på denne konserten. Dei blir akkompagnert av Operaen i Kristiansund sin flotte sinfonietta.

Karianne Sommero ser drømmende ut i lufta
Karianne Sommero

Frivillige i Vårsøghelga

Ole Magne Ansnes og Anders Larsen skryter av styret i Vårsøg og dei frivillige på festivalen.

– Det er folk med hjarte utanpå skjorta, smiler Ole Magne Ansnes.

Han fortel vidare at styret må tora å tenkje store tankar, og aldri bli beskjedne.

At styret har den mentaliteten ser ein på programmet.

– Vårsøghelga er på topp når det kjem til kvalitet, seier Anders Larsen.

Ole Magne Ansnes og Anders Larsen står utanfor kulturhuset
To fornøgde karar, Ole Magne Ansnes og Anders Larsen

Frivilligheita er ikkje som før. Det har vorte vanskeleg å få tak i frivillige i Festival-Noreg, fortel Anders Larsen. Heldigvis er det annleis på bygda. Han vil rette ein stor takk til dei frivillige, som er med på å gjera Vårsøghelga til den unike festhelga som ho er.

Powered by Labrador CMS