Ranes kyrkje

Dobbelt kyrkjejubileum

Kyrkjene Øye og Ranes feirer i år 150-årsjubileum, Ranes riktignok litt forseinka.

Publisert Sist oppdatert
Øye kyrkje med Skei og Honstadknyken i bakgrunnen.

Øye kyrkje i Surnadal fyller 150 år i år, og 30. juni er den eigentlege jubileumsdagen. Da vil det blir ei enkel markering ved kyrkja, men jubileumsfeiringa startar alt tirsdag 1. juni og blir følgd opp av fleire arrangement utover sommaren og hausten.

Dette er jo eit dobbeltjubileum, sidan Ranes kyrkje fylte 150 år i 2019. Det vart markert på 150-årsdagen for vigslinga – 15. desember 2019. Da var biskopen tilstades under arrangementet «Vi syng jula inn.»

Sokneprest Vidar Rygh og soknerådsleiar Maret Heggset gler seg stort over å få feire dette store jubileet i lag med så mange som muleg.

- Det er vanskeleg å planlegge jubileumsfeiring i koronatider, fortel soknerådsleiar Maret Heggset. Ho ser ikkje bort frå at det kan bli endringar i programmet, men 150 år er verd ei feiring. Det var planlagt ein vårsongkveld i Ranes kyrkje tidlegare i vår, men denne vart avlyst.

No opnar jubileumsfeiringa med utstilling av kunst frå Kalla Skrøvset i Øye kyrkje tysdag 1. juni kl. 19.30. Da vil damekoret Credo delta, i lag med Tove E. Strand, fløyte og Oddveig Halle, piano.

Feiringa held fram med opning av utstillinga «Kyrkjestekstilar i Kallastua» tirsdag 15. juni. Der vil Bernt G. Bøe presentere jubileumsboka om Øye og Ranes kyrkjer.

Laurdag 19.juni besøker gruppa «Ryfylke Livsgnist» Øye kyrkje med forestillinga «Haugespor – skaperånd, spetakkel og strikkepinner». Hans Nilsen Hauge sette djupe spor etter seg her på Nordmøre, og i år er det 250 år sidan han vart fødd.

Jubileumsgudstenesta blir feira søndag 20. juni i Øye kyrkje, og da vil biskop Ingeborg Midttømme delta. Damekoret Credo med fleire vil også delta.

Ranes kyrkje, mål for pilgrimsvandring.

Pilgrimsvandringar er populære. Sokneprest Vidar Rygh har leda pilgrimsvandringar med konfirmantane til Raneskyrkja fleire gonger. Søndag 29. august inviterer jubileumskomitéen til pilgrimsvandring frå Østbødalen om Ranessetra til Ranes kyrkje der det blir ei enkel pilgrimsgudsteneste. Om det ikkje blir konfirmantopplegg undervegs, så kan det bli tilpassa oppgåver, antyder Rygh.

Den store jubileumskonserten «Kling no klokka» er fastsett til søndag 10. oktober i Øye kyrkje. Deltakarar der blir Henning Sommerro, Anne Kleivset, Anders Larsen, Hedda Hansen Berg og koret Vox med dirigent Rolf Arne Berg.

Koronaen tærer på økonomien til soknerådet, fortel soknerådsleiar Maret Heggset, så ein jubileumsgave til kyrkja er velkommen. Sokneprest Vidar Wilhelmsen Rygh røper at flygel til kyrkja står på ønskelista, så alle gåver blir mottatt med stor takk!

Sjå oversikt over programmet her!

Trollheimsporten ønsker Øye og Ranes kyrkjer lykke til med jubileumsfeiringa!

Powered by Labrador CMS