Karstein Mauset si nye skive, "Fredlaus".

Digital Mauset-lansering

Karstein Mauset sitt første album under eige namn, "Fredlaus", vert fredag 11. september tilgjengeleg på alle digitale plattformer.

Publisert Sist oppdatert

Etter to album og ein EP under Perikom-namnet, har Karstein Mauset no gjeve ut albumet "Fredlaus" - og det rett og slett som Karstein Mauset.

Han fortalte til Trollheimsporten i juli at namnebytet kom etter innspel frå fagpersonar i musikkmiljøet, og at han håpar at det at han no gjev ut musikken sin under eige namn, skal gjere det lettare å få innpass.

– Det blir uvand å fremme seg sjølv, og ikkje kunne gøyme seg bak eit anna namn. Då må ein verkeleg stå inne for det ein presenterer, og det gjer eg, sa Mauset til Trollheimsporten den gongen.

Tittelen på albumet er henta frå ein tekst av Astrid Krog Halse.

– Denne gongen er mesteparten av tekstane skrivne av Halse, i tillegg til fleire tekstar av Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Ingeborg Solem, fortalte Mauset.

Han slår fast at musikken er i god gammel Perikom-stil, men med eit litt meir eksperimentelt preg over seg.

– Eg trur plata er brukbar, altså, skriv Mauset i eit innlegg på Perikom si Facebook-side.

Den oppfatninga deler Frank Spoon Botten i DreamFarm Studios. Albumet er spelt inn der, samt i Øra Studio i Trondheim.

– Det er eit veldig bra album, som det er godt å lytte til, seier han.

Botten fortel at albumet, som altså blir lansert digitalt i dag, fredag, no er tilgjengeleg på alle digitale plattformer. "Fredlaus" er sjølvsagt og tilgjengelig som CD.

Les kva Trollheimsporten tidlgare har skrive om plata og Mauset si nye satsing her.

Powered by Labrador CMS