Folk som går rundt jueltreet og synger.
Gangen rundt treet er eit høgdepunkt på kvar juletrefest.

Juletrefest på heimen

- God, gammeldags stemning! Responsen var eintydig da Venneforeninga på Liatun i Halsa inviterte til juletrefest tysdag.

Publisert Sist oppdatert

 «Stille natt» tona stemningsfullt rundt kaffeborda i daglegstua på sjukeheimen etter at primus motor for tiltaket, Siri Sæterbø, hadde opna med gode velkomstord.

 Mykje jul er enno att, vart det slått fast. Den klassiske Trettanddagen er så vidt unnagjort. Rike tradisjonar vart trekte fraM - Hellig Tre Kongar, Stjernegutt-vandring, Draumkvedet og endatil utsegling til Lofoten i gamle dagar. Og så heiter det jo at «Tjuand-Knut jagar jula ut», noko som først skjer komande laurdag, 13. januar. 

Halsa Demenskor, leia av Turid Røen Kroknes, var kulturell hovudaktør på festen. Både «Romjulsdrøm», «Nordnorsk julevise» og andre perler skapte atmosfære. 

Randi Settemsdal deklamerte med tydeleg innleving H. C. Andersens gripande «Piken med svovelstikkene». 

Som i gamle dagar var juletrefesten eit spleiselag - det vanta ikkje julebrød til kaffestunda. Praten og stemninga ved fullsette bord var også av klassisk merke.

 Best det var, tona «På låven sitter nissen» på pianoet. Og frå låven kom han, i Bernt Vatten sin person, inn i stua - med sekken full. Ideell i denne rolla løfta han stemninga enda eit hakk. 

Julenissen (Bernt Vatten) spanderte både gåver og klemmar - som her til Eli Oren.

Utlodninga gav kjærkomen støtte til den dyktige Venneforeninga. Og trekninga skapte fornøgde vinnarar rundt i stua. 

Inga juletrefest utan gang rundt «Du grønne, glitrende tre»! Og med treet som samlingspunkt gjekk det både «over sjø og land» og rundt den uslitelege «enebærbusken»! 

Mesta synd det er eit heilt år til neste gong! 

Powered by Labrador CMS