ANNONSE:

«Vi syng jula inn» i Ranes kyrkje

«Vi syng jula inn» 3. søndag advent 2022 kl. 17.00.

Endeleg skal vi i år samlast til julekonsert i Ranes-kyrkja!

Tradisjonen tru vil også i år mange gode musikkrefter frå Surnadal vere med; Kor, korps og solistar vil vere med å sette oss i julestemning med eit variert og fint program. Så er det også fint å synge med på julesalmane når så mange songarar og musikarar er tilstades!

Dei som i år skal delta er; Surnadal Hornmusikk og Surnadal Skolekorps. Dei tre kora Tordenskjold Songlag, Songkoret Tormod og Damekoret Credo. Ved orglet sit kantor Oddveig Helset Halle.

Øye og Ranes sokneråd vil i år servere gløgg/kaffe og pepperkaker ein halv time før konserten startar og ynskjer alle velkomne til ei fin stund i kyrkja!

Powered by Labrador CMS