"Lady Arbuthnott"
Jazzåteateret Produksjon melder om mange nye ansikt i år
Casting for Lady A
Det nærmar seg oppkjøring til øvingsperioden for musikkspelet. Paralelt med at det jobbast med det nye amfiet på Leikvin, jobbes det også mykje med andre ting som må på plass. Dei fleste rollar i årets oppsetning av «Lady Arbuthnott» er no klare. Jazzåteateret Produksjon kan melde om mange nye ansikter i år.
Ny Lady
Yngvild Støen Grotmol har dei siste ti år hatt rollen som Lady Arbythnott. Ho er no i utlandet på eit anna oppdrag. Så i år får vi ei ny Lady. Mira Dyrnes Askelund har takka ja til å spille Barbara Arbuthnott i år. Mira er født og oppvokst i Trondheim, og har si utdanning frå Royal Conservative of Scotland. Ho er for tida ansatt ved Trøndelag Teater. Ho har hatt utallige roller der dei siste åra. På Nordmøre er ho nok mest kjent via Stangvikfestivalen, der ho har deltek mange gonger som sangar og skodespelar.
Karen Lønset
Vi får også ei ny Karen i år. Også ho fra Trondheim. Karianna Sommero, som har aner fra Nordmøre, skal spille tjenestepika til Ladyen. Ho er utdanna ved Nord Universitet og Bardar akademiet. Ho har på tross av sin unge alder allereie spelt i mange spel og oppsetningar rundt om i midt-Noreg. Ho har vore med på «Fru Guri» på Smøla, og er no også aktuell med «Syver» i Kristiansund. Som datter av Henning Sommero og Anne Kleivset har ho nok sterke musikalske årer, og er kjent og kjær for publikummet her på kysten.
William Arbuthnott
Det er kjekt å kunne gjæra kjent at årets William er fra "eigne rekker». André Hellum har hatt mange rollar i Jazzåteateret sine oppsetningar. Sist som «Kurte» i fjorårets «Øra Kafe», men vi hugsar ham også som nevrotisk og intens klokkar i tidlegare versjonar av Lady A. Dei fleste har nok også sett ham på små og store sener i ulike band rundt om. André jobbar dagleg som lærar ved Sunndal Ungdommskole. Han er opprinneleg fra Trondheim, men har bodd på Sunndalsøra i ei årrekke.
Mrs Charmers
Ingrid Lian Bjørgum fra Oppdal blir årets Mrs Charmers. Ingrid har tidlegare hatt rollen som Karen Lønset og Anne Grødal. Ho er til dagleg lærar, men kjent for oss også gjennom bandet «Sol i Skuggeskog» Ingrid har også slektsårer fra Sunndalen.
Lars Hoås
Vi får ein gammel kjenning i rollen som årets Lars. Nils Mulvik, som også har «gått gradene» i Lady A gjer i år "comeback" i rollen som storsjarmøren Lars. Nils er utdanna ved Høgskulen i Nord-Trøndelag, og jobbar til dagleg på Nationalteateret. Han har gått vegen fra teatermiljøet i Ålvundfjorden, via Jazzåteateret, og er ein av dei mange profesjonelle i norsk kulturliv, som har sitt utspring fra Sunndalsøra.
Oluf Endresen
Også i rollen som reiseføraren har vi ein som har vore med tidlegare. Audun Gikling, kjent og kjær for mange, blir Barbara Arbuthnott´s lokale guide i år. Audun har som sagt hatt rollen tidlegare, og gler seg til å iføre seg Tweed-dressen og sigaren ute på Leikvin. Han er opprinneleg fra Grøa i Sunndal, og vaks opp like ved der Lady A og hennes hoff heldt hus. Til dagleg er Audun lærar ved Tredal Skole, der han i ei årrekke har sørga for rekruttering til kulturlivet på Sunndalsøra.
I rollen som Samt-Torkild har vi også i år Erik Wenberg Jacobsen. Nils Arne Erstad blir å sjå som sønnen James, medan presten gestaltes av Rune Sagør.
Kven skal så spele Anne Grødal og Sivert Hoåsbrekken?
Det er fortsatt åpent. Den som kjem til Leikvin 12, 13 og 14 august får sjå.