Ny bok

Bra at trolla ikkje er i naturleg storleik!

Troll i ord og tonar

Søndag vart boka iTrollheimen lansert for stort publikum i Trollheimstunet. Forresten, stort går på antalet, ikkje størrelsen på publikum. Det er boka som omtaler trolla i fjellheimen slik Åse Børset og Gøran Bolme har opplevd dei på studieturane sine i Trollheimen, og no vil dei dele dette med oss, for Åse og Gøran i iTrollheimen er heilt sikre på at det finns troll i Trollheimen.

Publisert Sist oppdatert
Lyttande publikum

Med stort alvor fortel dei to forfattarane om resultata av forskinga dei har bak seg dei siste åra. Dette drog dei til Stokkøya for å skrive bok om, men så kom koronnaen, og dei måtte rømme heim. Dei var redd at alle grenser skulle bli stengde.

Persongalleriet er presentert på innsida av omslaget til boka

No er boka ferdig, og det er ei praktbok! Fantasifull tekst, godt eigna til høgtlesing for ungane, og store, flotte illustrasjonar av Ivar Rødningen frå Gran i Hadeland. Han har også laga modellane av trolla. Mange kjøpte seg signerte bøker denne dagen, og det såg ut til at fleire kjøpte til kvart av barna sine. Med på kjøpet fekk dei også både nesting, plakat og silkepapir!

Brage får signert boka si
Brage opna boka straks i lag med pappa Sondre Bjørnstad.

I tur og orden vart modellar av trolla presenterte og karakterisert av Åse og Gøran i det nye lavvoanlegget i Trollheimstunet. Vi møter småtrolla Boll og Bøllu, Fold og Minill, Fausk, Tinn, Storli og Gjevill. Mykje av det som har vore sagt og skrive om troll opp gjennom tidene blir verdilaust etter forskinga som no er gjort, og vi blir kjente med trolla slik dei verkeleg er.

Tvillingtrolla
Tvillingtrolla studerer publikum
Er det fauskågraut Anne serverer, god på smak, og nedbrytbar/fordøyeleg!

Heile gjengen deltok i Trollheimsfest!

- Dette er berre modellar av trolla, blir vi fortalt. I verkelegheita er dei for store til å få plass i trelavvoane på Trollheimstunet, og det nikka ungane til.

Tvillingane Boll og Bøllu var presenterte som to kliss ulike tvillingar, og dei samlar på bæsj frå ulike dyr. Dette puggar dei før dei legg seg.

Minill er mor deira, og ho er den snillaste mora som finns. Mesta like snill som ei bestemor! Ho passar på myrene så dei ikkje tørkar ut. (Den jobben har ho greidd godt i Trollheimen.)

Fausk er sjefen for mugg og sopp og alt som rotnar og blir til nytt liv. Vi mistenker han for å ha hatt ei hand med under produksjonen av grauten til bakelsa som vart servert i den fine restaurantlavvoen.

Gjevill er trollet som sørger for at alt skjer til rett tid, at dyr og planter tilpassar seg årstidene. Slik blir vi overtydde om kor viktig trolla er for at Trollheimen skal vere så flott som den er.

I den nye, flotte boka kan du også høre frå trolla ved å skanne QR-koder. Da får du høre nylaga musikk frå trollverda, tydeleg prega av Henning Sommerro og John Pål Inderberg. Les boka og få med deg bodskapen i den!

Historia om trolla vart presentert både med ly og bilde på storskjerm

Ei av visene var over 400 år gammal. Den vart funne på ein lapp inni ei hemmeleg skuffe inne i eit hjørneskåp som var i ei seter som måtte flyttast da Gråsjøen vart demt opp. Det var Ola Follerdal som hadde skrive denne visa, fortalte Gøran Bolme livfullt.

Ein plass i boka blir ei ny tidseining lansert, - for ein furualder sidan!

Fortrolla publikum!

- Det er trolla som pyntar Trollheimen! Sjå kor fint og grønt det er her i Trollheimen samanlikna med Jotunheimen der det er berre stein, seier Bolme.

Det at det er så grønt og frodig her i Trollheimen er eit bevis på at trolla forvaltar naturen i Trollheimen framifrå!

Gøran Bolme og junior ønsker velkommen til Trollheimstunet

Folk er ikkje trolla glade i. Trolla vil ha fred. Derfor finn vi dei ikkje på folksame turmål som Galdhøpiggen i Jotunheimen.

Trollrestauranten

Neste veke pakkar forfattarane med seg boka og trollmodellane og besøker desse plassane:

- Surnadal bibliotek, onsdag 21/9 kl 18.00
- Orkland bibliotek Orkanger, torsdag 22/9 kl 18.00
- Gammelgruva Orkla Industrimuseum, søndag 25/9 kl 11.00
- 3 Venner, søndag 25/9 kl 17.00

Fleire publikumsbilde nedafor!

Opplevingane av troll inne i lavvoen er det ikkje så godt å legge bak seg på vegen heim. Desse karane fann trollstein i vegen, og er det ikkje eit troll som ligg i vegkanten?
Powered by Labrador CMS