Kyrkja i Surnadal melder:

Ei lita, gammel kirke.
Mo kyrkje

Gudsteneste i Mo kyrkje

Publisert Sist oppdatert

Søndag er det gudsteneste i Mo kyrkje. Forrettande prest er Torbjørn Brøske, og ved orgelet sit kantor Oddveig Helset Halle. Gudstenesta vert prega av at det denne søndagen også er TV-aksjon for Redd barna. Mottoet for aksjonen er «La barna leve i fred», og Brøske seier at gudstenesta vil bli prega av dette temaet både i tekstval, preike og forbøn. Han seier også at salmene han og Oddveig har teke ut går sterkt inn på ansvaret vi alle har for å skape fred rundt oss.

Ordførar Hugo Pedersen deltek i gudstenesta

Vi er så heldige å få besøk av ordførar Hugo Pedersen i gudstenesta. Han vil seie nokre ord om TV-aksjonen og kommunen sitt bidrag. På spørsmål frå kyrkja seier han at «ja, dette er vel det første offisielle oppdraget eg har med ordførarkjedet». Kyrkja er takksam for at ordføraren vil koma til gudstenesta.

Hugo Pedersen

–Årets TV-aksjon går til eit særs viktig formål, og vi håpar mange vil støtte opp om aksjonen, seier ordførar Hugo Pedersen.

Nytt sokneråd vert presentert

Som kjent er det ikkje berre ordføraren som er ny i lokalsamfunnet. Mo, som alle kyrkjelydane i landet, har fått eit nytt godt råd, soknerådet. Dei har vore saman og valgt leiande personar.

Avtroppande leiar i Mo sokneråd, Erik Moen, vil presentere det nye rådet for kyrkjelyden, faste medlemer og varamedlemer. Vi vonar og trur dette vert ei rik gudsteneste, og Mo sokneråd ønskjer alle velkomne.

Etter gudstenesta er alle velkomne til kyrkjekaffe, så får du helse både på ny ordførar og nytt sokneråd – og ein gamal prest.

Powered by Labrador CMS