
Idrettsstipend til Sigve Holten
Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt idrettsstipend til utøvarane Ingeborg Synstnes Hole frå Åndalsnes IF og Sigve Holten frå Surnadal IL. Møre karateklubb får årets klubbstipend.
- Vi gratulerer dei tre mottakarane så mykje, og håper stipenda vil hjelpe dei til å nå nye mål i idrettssatsinga si, seier Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Alle stipenda er på 50 000 kroner kvar.
Fylkeskommunen skriv på sine nettsider at Sigve Holten er 17 år og driv med kastøvingane i friidrett: diskos; slegge og kulestøyt. I 2023 vann Sigve ungdomsmeisterskapen i friidrett (tilsvarande NM for yngre utøvarar) alle dei tre kastøvingane, i 2024 vann han i kulestøyt og diskos og tok sølv i slegge. Han har også vunne den internasjonale konkurransen Världsungdomsspelen i Gøteborg i kulestøyt. Sigve har på sikt mål om å hevde seg i toppen internasjonalt i ein av dei tre kastøvingane, og det betyr finaleplass i EM, VM eller OL. Sigve vil bruke stipendet på å dekke kostnadar med konkurransar og samlingar, og til innkjøp av utstyr.
Idrettsstipendet skal gå til ein kvinneleg og ein mannleg utøvar i alderen 16-23 år som kan vise til gode prestasjonar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt det siste året. Dei skal også vise til gode utviklingsmoglegheiter. I tillegg ønsker fylkespolitikarane å støtte opp om ein klubb som viser høgt aktivitetsnivå og god drift.Stipendtildelingane viser eit mangfald av idrettsaktivitetar som framhevar utøvarar som gjer det godt i sine idrettar.
- Det er gledeleg at vi har mange ambisiøse idrettsutøvarar med veldig gode prestasjonar frå fylket vårt. Det kostar mykje å satse på toppidrett i form av mellom anna utstyr og reiser. Og vi har mange veldrivne klubbar som både løfter breidda og toppen, og vi skulle gjerne ha gitt stipend til enda fleire, seier Gärtner.