Trollheimshytta er flott også om vinteren.

Påske på Trollheimshytta

- Har du vore på Trollheimshytta? Surnadals stoltheit og storstue.

Publisert

Dei fleste som besøker hytta går dit om sommaren, men stemninga på hytta er minst like triveleg i påska. Det er ei mindre sjølvbetjeningshytte der alle med nøkkel kan ta inn heile året, men i påska er Trollheimshytta betjent. I år kan ein møte både lokal og "utåbøgdes" betjening om ein tek turen.

For å gå dit på vinteren er det kjekt å følgje spora etter transport av betjening og varer frå demninga til Gråsjøen. Om ein tenkjer seg inn frå Folldalen er det lurt å merke seg at det er ledebilkjøring mellom Follsjøen og Gråsjøen. Avgang på heile partallstimar frå Follsjøen og heimover frå Gråsjøen på oddetallstimar. Her er det ikkje kvista løype og ein bør sjekke Varsom.no og Regobs.no for å ta gode vurderingar.

Trekanten er merka med kvist og ein kan gå Jøldalshytta – Gjevilvasshytta – Trollheimshytta. Dei kvista løypene kan ein sjå på kart på Ut.no. Dette er løyper som vert lagt utanom skredterreng og utløpssoner.

ANNONSE:

Det kan være kjekt å bestille seg sengeplass før ein tek ut på tur. Bestillingar av rom kan gjerast på https://www.tt.no/booking/. Men kjem du uanmeldt så skal det bli ei rå med mat og seng. Trollheimshytta har totalt 80 sengeplassar og er betjent i tidsrommet 31/3 - 10/4. Det er også mogleg å ha med hund, men da er det ein fordel å ta kontakt eller bestille først slik at ein kan få hunderom. Både to og firbeinte er velkomne!

Fjellvettreglene

  1. Planlegg turen og meld fra hvor du går.
  2. Tilpass turen etter evne og forhold.
  3. Ta hensyn til vær- og skredvarsel.
  4. Vær forberedt på uvær og kulde, selv på korte turer.
  5. Ta med nødvendig utstyr for å kunne hjelpe deg selv og andre.
  6. Ta trygge veivalg. Gjenkjenn skredfarlig terreng og usikker is.
  7. Bruk kart og kompass. Vit alltid hvor du er.
  8. Vend i tide, det er ingen skam å snu.
  9. Spar på kreftene og søk ly om nødvendig.
Powered by Labrador CMS