Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Ferja Kvanne - Rykkjem
Ferja Kvanne - Rykkjem

Sikringa av Kvanne ferjekai blir utsett - startar tidligast i slutten av juni

Entreprenøren som skulle spunte langs steinfyllinga har ikkje kome med mannskap og utstyr til Kvanne som føresett. Møre og Romsdal fylkeskommune har difor valt å avslutte avtalen.

Arbeidet måtte starte i april for å ikkje kome i konflikt med hekketid for fuglar og gytetida i elva Søya. Med tida det tar å få ny entreprenør på plass er ikkje det mogleg. Det er difor tidlegast aktuelt å starte på sikringa i slutten av juni, når Statsforvaltaren opnar for å jobbe på kaia igjen utan konsekvensar for fugl og fisk.

Det betyr at ferja vil gå som normalt fram til ny entreprenør startar på sikringa. Kaia og sjøfyllingane blir inspisert av dykkarar jamleg fram til anleggsstart. På Rykkjem er oppgraderinga av tilleggskaia i rute. Dette arbeidet har ikkje konsekvensar for trafikkavviklinga i ferjesambandet.