Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Ferdig med støyande nattarbeid på Kvanne - tilbake til vanleg rutetilbod

Nattarbeidet på Kvanne ferjekai er ferdig for denne gongen. Det blir ikkje støy natt til måndag og tysdag neste veke. Det betyr også at ferja kan gå tilbake til 10 minutts overfartstid og vanleg rutetilbod. Bussavgangane vil også gå som normalt, utan innstillingar. Sjå rutetabell på frammr.no.

- Vi har fått satt ein støttevegg med stålspuntar og da treng vi ikkje jobbe meir på natta i denne omgangen. Det står igjen noko arbeid som vi kan gjere på dagtid. Vi ønskjer å takke dei som bur på Kvanne for tolmodet denne veka, seier byggeleiar Oskar Einarsson i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Naboar til kaia som bor innafor ei sone med venta støy over kravet i regelverket har hatt tilbod om overnatting i Surnadal for å sleppe støyen.

Ny arbeidsperiode i august

Sikringa av sjøbotnen som skal hindre ytterlegare utvasking frå ferjene startar i slutten av august. Massen som ligg på sjøbotnen i dag må fjernast og erstattast før 42 betongmadrassar som kvar veg 9,8 tonn blir lagt utover botnen for permanent sikring.

Også her blir det jobba frå kl. 21.15 og gjennom natta i om lag to veker. Arbeidet må skje frå lekter i brubåsen der ferja vanlegvis ligg og da kan det ikkje vere trafikk i sambandet. Desse arbeidsprosessane er mindre støyande. Det blir gjort støyanalyse også for desse arbeida. Om det er bustadar som får støy over grenseverdiane for tillate nattarbeid vil dei få tilbod om overnatting.

Både trafikantar og naboar blir varsla når dato for oppstart på arbeidet i august er klar.

Powered by Labrador CMS