SUBUS Medier og kommunikasjon:

Fornøgde med premiane: Markus Bolme (årets nykommar), June Ranes (4. plass og beste jente), Asbjørn Bøe (3. plass), Ola Magnar Husby Tellesbø (2. plass) og vinnar Vegard Aasbø.

Nervepirrande sjakkfinale

Publisert Sist oppdatert

Måndag vart det arrangert sjakkturnering for 8.-10. trinn på Surnadal barne- og ungdomskule med 52 deltakarar.

– Det er morosamt å spele sjakk, og det er morosamt å gjere noko anna enn vanleg skule, fortel Vegard Aasbø.

Spanande semifinale mellom Ola Magnar Husby Tellesbø og June Ranes. Ola Magnar vann.

Det er lærarane Martin Einum, Odd Rune Einmo og Ove Magne Aasen som står bak arrangementet, og dei brukar mykje tid og energi på dette. Blant anna har Martin Einum utvikla eit dataprogram til turneringa.

Dei entusiastiske lærarane vart inspirert av Magnus Carlsen, og ville difor arrangere ei slik turnering. Dette er sjuande gongen det er turnering på ungdomskulen. Det var mange påmeldte, og etter intern kvalifisering i klassane var det 52 som fekk vere med på sjølve turneringa.

– Det er veldig god stemning i salen når elevane spelar sjakk, seier lærar Odd Rune Einmo.

Torje Polden Rinnan og Martin Øysteinsson Sollid.
Finale mellom Ola Magnar Husby Tellesbø og Vegard Aasbø.
Konsentrerte sjakkspelarar. Denne gongen var turneringa i gymsalen.
Powered by Labrador CMS