Bygdebokkontoret i Surnadal melder:

Fotografering av hus i Surnadal

Da er bygdebokkontoret i gang med fotografering av hus til band 5 av Bygdebok for Surnadal. Dette bandet skal omfatte områda frå og med Honnstad til kommunegrense Rindal og så litt nedover igjen på nordsida.

Riktig kor langt vi kjem, er avhengig av kor mykje vi får plass til i boka, men vi håpar å få med i alle fall Fuglsøya og Dønnyn i band 5. Kanskje blir også Fiskja med, og av den grunn gjer vi frå oss fotograferinga også der no i sommar.

På Mauset, Holten og Røv har det ikkje vore fotografert tidlegare, så alle heimar under desse namnegardane vil få besøk av oss i den næraste framtida, viss vi da ikkje alt har vore der. I tillegg står det igjen enkelte restar også lenger oppi dalen.

Måndag 28. juni var det fotografering av heimar på Mauset og Holten, pluss nokre heimar som stod igjen på Honnstad (der det var fotografering i 2019). No står bustadfeltet i Holtamoan for tur, og deretter startar vi med Røv.

Viss det passar dårleg med fotografering akkurat no, t.d. fordi du skal måle eller pusse opp, nøl ikkje med å ta kontakt med bygdebokkontoret. Send e-post til norunn.holten@surnadal.kommune.no eller ring bygdebokkontoret på telefon 41 49 43 40.

Powered by Labrador CMS