ANNONSE:

Peoner som blomstrer.
Peonblomstring

Svinviks arboret i pinsehelga

I den gamle hagen etter Anne og Halvor Svinvik ved Todalsfjorden er det eit mangfald av vekster å oppleve. Rododendron er signaturplanta for staden, og mange av desse står i blomstring no og ei stund utover i juni. Vi ønskjer deg velkomen innom!

Opningstider hage

Hagen er alltid open, du kan betale billett med VIPPS ved inngangen. Om du kjem i kafeen si opningstid (sjå under) kan du også kjøpe billett i kassen der.

Opningstider sommarkafe

I pinsehelga held kafeen open alle tre dagar; laurdag, søndag og måndag kl. 11-16

  • Fram til skuleslutt er kafeen open laurdag og søndag kl. 11 - 16
  • Frå og med 25. juni til 03. aug ope onsdag - søndag kl. 11 - 16

Opne omvisingar

For deg som er nysgjerrig på å vite meir om Svinviks arboret minner vi om at vi har opne omvisingar, neste sjanse er onsdag 11.juni kl.12.00

For meir informasjon sjå heimesidene våre:

www.nordmorsmusea.no/svinviks-arboret

Grupper

Vi tilbyr eigne omvisingar til grupper – ta kontakt med oss for avtale og prisar.

Kontaktinformasjon finn du på heimesida.

Følg oss også gjerne på Facebook og Instagram for å halde deg oppdatert.

 

Powered by Labrador CMS