ANNONSE:
Planteloppemarked på Åsen bygdemuseum
Surnadal hagelag og Nordmørsmusea inviterer til planteloppemarked på Åsen bygdemuseum 30. mai kl. 13.00.
Gjer gode funn til eigen hage, planter som andre har til overs kan få nytt liv hos deg. Deling og bytting av planter er ein tradisjonell og rimeleg måte å fornye hagen på, og dette er eit fint høve til å treffe andre hageinteresserte til ei triveleg stund.
🕐 Plantesalet startar kl. 13.00 presis
☕ Sal av kaffe og kaker ved Surnadal hagelag
🏛️ Opne museumsutstillingar til kl. 16.00
Levere til loppemarkedet?
Har du ekstra stauder, busker, løker eller andre planter i hagen? Hagelaget tek gjerne imot planter til loppemarkedet. Alle kan bidra med planter, så framt dei er fri for brunsnegler og andre skadedyr. Plantene kan leverast i forkant av loppemarkedet same dag, eller på kvelden før etter avtale med Hagelaget. Har du ikkje høve til å levere sjølv, kontakt Siri på tlf: 958 08 013, så ordnar vi med henting.
Velkomen til ein hyggeleg dag på Åsen bygdemuseum!