Sesongopning Svinviks arboret 20.mai

Svinviks arboret er ein museumshage med ei stor samling av rododendron, frukthage, stauder og bartre. Her finn du også ein sesongkafe og eit lite planteutsal. Både rododendron og frukttre har starta på blomstringa no, og fortset i tida framover.

I opningshelga kan du

  • Bli med å så insektsvenlege frø og ta med heim (frå kl. 12, laur og søn)
  • Teste kunnskapen i ein passe vanskeleg og uformell frø-quiz (frå kl. 12 laur og søn)
  • Besøkje mini-fotoutstilling med historiske bilete frå arboretet, i den gamle billettbua. Utstillinga kan du sjå også utover sommaren.

Litt om sesongen

Vi held opne omvisingar på dagtid onsdagar i høgsesongen for rododendronblomstringa, meir informasjon om dette finn du på heimesida og på facebook. Dette er tiltenkt enkeltpersonar og mindre grupper, ikkje nødvendig å melde seg på, men meld gjerne interesse på facebook-arrangementet.

For grupper med 10 eller fleire tilbyr vi omvisingar i hagen gjennom heile sesongen. Sjølv om det er stor pågang på enkelte dagar i høgsesongen er det fortsatt muleg å bestille. Ta gjerne kontakt for å få tilsendt informasjon og prisar for omvising og servering.

Nytt i år er at du kan kjøpe sesongkort som gjeld for alle avdelingar av Nordmørsmusea, inkludert Svinviks arboret. Kortet kostar 500 kr og du får siste utgåve av museets årbok på kjøpet.

For meir informasjon følg oss gjerne på Facebook og Instagram, og besøk gjerne heimesida vår: www.nordmorsmusea.no

Opningstider 2023

  • 20.mai - 25.juni: Tysdag - søndag kl. 11 - 16 (måndag stengt).

OBS! Ope heile pinsehelga, også måndag 2. pinsedag, kl. 11-16.

  • 26.juni - 06.august: Onsdag - søndag kl. 11 -16 (måndag og tysdag stengt).

Besøksadresse:

Todalsvegen 785, 6640 Kvanne

Powered by Labrador CMS