Statnett informerte om auka trafikk
Statnett starta i fjor arbeidet med den ny 420 kV kraftlina frå Surna trafostasjon i Surnadal kommune til Viklandet i Sunndal kommune.
Det er canadiske Victor Energy som er hovudentreprenør for prosjektet med å bygge ny kraftline. Alle fundamenta frå Surna trafostasjon til Todalsfjorden er no ferdig støypte. Arbeidet med å støype fundament frå Todalsfjorden til Viklandet har akkurat starta, og blir fullført i løpet av hausten.
Auka tungtrafikk frå fredag 1. mai
Prosjektet går no inn i ein fase der det blir mykje trafikk med tunge køyretøy mellom industrikaia og inn og ut av Østbødalen og Kvenndalen. I april har det vore mykje transport av nytt og gamalt mastestål, noko som vil auke merkbart no frå 1. mai og framover mot sommaren.
Onsdag kveld inviterte Statnett alle interesserte til informasjonsmøte i Surnadal skytterlag sitt klubbhus ved Angråmyra. Her vart det informert om arbeidet som går føre seg i samband med prosjektet, og kva som skal skje framover.
Frå 1. mai vil altså arbeidet med å rive den gamle 300 kV kraftlina frå Surna trafostasjon til Todalsfjorden ta til. Når ein skal transportere dei gamle mastene og linene ut av området, samstundes som nytt stål og liner skal transporterast inn, vil det periodevis bli stor trafikk inn og ut av Østbødalen og Kvenndalen.
Det vil bli sett opp «Anleggstrafikk-skilt» ved vegane som blir brukt til denne transporten, slik at trafikkantane blir merksame på dette. Statnett beklaga under informasjonsmøtet ulempene dette vil føre til for både bebuarane og grunneigarane i området.
Mykje helikoptertrafikk framover
Halvor Haarstad frå Statnett kunne under informasjonsmøtet fortelje at det ein periode framover også blir mykje helikoptertrafikk under demonteringa av den gamle kraftlina og monteringa av den nye.
Sju helikopter vil vere i aksjon frå klokka 07 til 19 alle kvardagar, kunne han fortelje. Han sa også at det kunne i heilt spesielle høve bli slik trafikk også på helg, men at dei da ville vere restriktive med omsyn til støy.
HMS og materialkontroll er viktig
Seks personar er ansvarleg for å sjekke at betongen, alt stålet og alle anna materiell held god nok kvalitet. To personar er ansvarlege for HMS i prosjektet, medan det er ein sikkerheitskoordinator som er ansvarleg mellom anna for arbeidet under lina når det er spenning på den.
Nye trafoar til Surna trafostasjon
Som ein del av prosjektet med den nye kraftlina, så skal det også monterast to nye trafoar ved Surna trafostasjon. Her er førebuingane godt i gang, og dei nye trafoane vil bli levert neste vår.
Desse er så tunge, at det må byggast ei midlertidig kai i Todalsstranda for å ta dei på land der. Grunnen til at det må byggast midlertidig kai der, er at dei ikkje nye trafoane ikkje kan takast på land på industrikaia fordi bruene derifrå og oppover til trafostasjonen ikkje er dimensjonert for slike tyngder.
Folk bekymra for vegane
Under informasjonsmøtet kom det fram at folk er bekymra for at vegane skal bli øydelagt som følge av all transporten som skal gå føre seg framover.
Etter at anleggsarbeidet er heilt ferdig, skal også mykje masse flyttast ut att frå anleggsområdet, noko som også vil bidra til stor slitasje på vegane, vart det understreka på møtet.
Haarstad kunne her forsikre at Statnett og underentreprenøren er ansvarleg for vegane dei brukar under heile anleggsperioden, og at dei også er ansvarlege for at vegane blir reparert når anleggsperioden er over og den nye kraftlina står ferdig.