Med biskopens brev:

Fire personer står foran alteret i en trekirke med prest i lilla messehagel.
Etter presentasjonen: Frå venstre soknerådsmedlem Ragnhild Liabø Fjeldstad, diakoniarbeidar Gunhild Bøklep Bøe, prest Slavisa Josifovic og kyrkjetenar Mari Chatrin Halse.

Ny diakoniarbeidar

Gunhild Bøklep Bøe er tilsett som diakoniarbeidar for kyrkja i Heim kommune.

Publisert

Under søndagens gudsteneste i Valsøyfjord kyrkje vart ho presentert i stillinga. Medlem av Halsa og Valsøyfjord sokneråd, Ragnhild Liabø Fjeldstad, las det høgtidelege innsettingsbrevet frå Nidaros-biskop Herborg Finnset.

Den nye arbeidaren var sjøl tekstlesar i gudstenesta, som vart leia av prest Slavisa Josifovic. Soknets konfirmantar deltok med prosesjon og lystenning, og lille Kristian vart døypt. Etter ein kaffepause hadde konfirmantane ei god undervisningsøkt i kyrkjerommet.

Gunhild Bøklep Bøe bur i Bøfjorden og har dei siste åra undervist på Surnadal vidaregåande skule. 

Powered by Labrador CMS