Nordmøre Ungdomsstorband og dirigent Alf Ekholm – her på besøk i Surnadal Kulturhus

Storband og talent til Åsskard-kyrkja

Publisert Sist oppdatert

Søndag blir det ungdommeleg førjulsmusikk å høre i Åsskard-kyrkja. Søndag byr Nordmøre Ungdomsstorband og elevar frå Surnadal og Rindal Kulturskole på eit spenstig program.

Storbandet er unge musikarar 14-19 år frå Surnadal, Kristiansund, Averøy og Heim.

– For tida har vi 4 trompetar, klarinett, altsax og trombone attåt kompet med gitar, bass, piano og slagverk, fortel leiar Alf Ekholm, som også har komponert noko av programmet.

- I tillegg har vi fått ny vokalist, så no er dusinet fullt!

Ekholm har sjøl skrive «Natt over Surnadal» og «Radio Bingo Bonga» - begge tileigna medlemmar i bandet. Dertil står «Ain’t no Sunshine» (Whithers), «Cry Me a River» (Hamilton) og «The Christmas Song» (av Thorme og Wells) på bandet sitt program. Her blir det både improvisasjon og soloinnslag.

Juletreet i kyrkja er pynta for anledninga. Det følgjer talenta frå kulturskulen opp – med både julesongar og annan musikk. Dei skaper stemning med «Nordnorsk Julesalme», «Selmas Jul», «Reodors ballade», «Heaven» og den litt meir kortreiste «Jul i Dønheim Bedehus». Vi får høre solistar med gitar, song og piano.

Åsskard sokneråd arrangerer konserten. Vaksne betaler ein symbolsk billett, medan born under 16 år går gratis.

Konserten startar klokka 15.00.

Powered by Labrador CMS