NM i taekwon-do

Alle heier på kvarandre. Her ventar gjengen spent på at Heidi skal sparre

Bagasjen fylt med nye erfaringar og edelt metall

 Nok ein bra dag for surnadalsklubben

Publisert Sist oppdatert

Søndagen er prega av mykje kraft. Juniorane går sparring, det er spesialteknikk i knusing, og bra showfaktor med lagsparring og lagmønster. Ulrik Akrim og Heidi Fiske vann klassane sine i sparring, og vart med det landsmeister og noregsmeister. Nye gullmedaljar i samlinga.

Ulrik Akrim tok heim gullet i sin klasse i sparring.

Daniel Mørch Paradina og Råg Dyrnesh Schei deltok i lagsparring  for region nord-vest og kom på fjerdeplass. Aurora Dønheim Berle representerte region vest i både lagsparring og lagmønster, utan at det vart pallplassering denne gongen. Surnadal vart den niande beste klubben av 57. Det er ikkje verst! Gratulerer til alle med gode plasseringar og fantastisk innsats!!

Lagsmønster. Aurora deltok for region |nord-vest. Landslagsspeidar i framgrunnen.
Trivsel
Takwon-do meisterskap handlar og mykje om å teffe att kjentfolk. Desse damene har surnadalsaner og representerer Værnes tkd klubb. Heid Hegvik Lysø er coach, og dottera Kristine Lysø fekk gull i sin klasse i sparring.
Det var ikkje noko å seie på innsatsen i lagsparringa.
Simone Akrim var uheldig og rauk ut i innleinande runde, og fekk ei svulstig leppe.
Fulltreffar av Heidi
Coach Jorun Fiske og Ulrik Akrim heiar på Heidi.

 

Powered by Labrador CMS