ANNONSE:

Oj, en ordentlig god norsk «storfilm»!

Sitatet over er henta frå VG, og dei konkluderer med at filmen er «gripende, vellaget og viktig».

Filmen det er snakk om er «Den største forbrytelsen», som handlar om den heilt vanlege norske familien Baude og kva dei opplevde mellom 1930-talet og til fredsdagane i 1945. Og «forbrytelsen» er at dei var jødar, eller heller: «forbrytelsen» er det som blir gjort mot dei av di dei var jødar.

«Den største forbrytelsen» går på Surnadal kino i romjula (27.–30. desember; aldersgrense 12 år).

For dei yngre går «Operasjon Nordpolen – Svippen på eventyr» (aldersgrense 6 år). Svippen er ein rev som arbeider med å sortere post ved det arktiske postkontoret. Men eigentleg vil han heller ut i felten og tek sjansen sjølv på å dra ut for å levere ein pakke til ein mystisk mottakar. Uforvarande kjem han over eit skummelt komplott som farlege Otto von Walrus står attom.

Powered by Labrador CMS