ANNONSE: Surnadal Kulturhus

Ane Bruns låtar blir teater – redusert pris t.o.m. fredag.

Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med «Virvelvind» torsdag 29. april neste år og tilbyr «Black Friday»-prisar t.o.m. fredag f.k. Billettar kan kjøpast på nett (surnadal-kulturhus.no) eller på kulturhuset. Kanskje ein muleg julepresang?

Om stykket:

Menneske og historier frå Ane Brun sin musikk blir levande på teaterscena. Ane Brun har sterke røter i Møre og Romsdal og har no omsett eigne låtar til dialekt; ut av desse spinn ei musikalsk framsyning om å våge å sjå livet og kjærleiken i auga.

Fem menneske møtes for første gong på ein fest – og idet festen er på høgdepunktet slår fasadane sprekkar og historier om kven dei eigentleg er kjem til syne. Alle med forventningar til eit liv som blei noko anna. Livet og kjærleiken, sorger og tap - dei sit fast i noko dei vil ut av og prøver så godt dei kan å finne ein veg vidare. Kan denne kvelden vere ei opning inn i noko nytt? 

Ane Brun har staka ut ein heilt eigen kurs i norsk pop og blitt ein folkekjær artist med sterk kunstnarleg visjon og tydeleg signatur. Ho er aktuell med to nye album: kritikarroste After the Great Storm og How Beauty Holds the Hand of Sorrow utgjeve hausten 2020.

Ane Brun sine tekster gjev utspring til ei forteljing om levd liv og nye sjansar. Nina Wester har skreve manus og Simon Revholt arrangert låtane for teateret. På scena står Teatret Vårt sitt ensemble og eit band spesielt samansett for teaterframsyninga Virvelvind.