Surnadal kommune melder:

Statsforvaltaren har 23. mai sendt ut farevarsel om stor skogbrannfare.

Farevarsel om skogbrannfare på oransje nivå i Surnadal

Publisert Sist oppdatert

Surnadal kommune har motteke farevarsel om stor skogbrannfare i Møre og Romsdal. For Surnadal er det no meldt farevarsel på oransje nivå for torsdag, fredag og laurdag.

Oransje farevarsel betyr høg sannsynlegheit for skogbrann og at brannen kan bli så stor at den er vanskeleg å handtere.

Statsforvaltaren har 23. mai sendt ut farevarsel om stor skogbrannfare.

Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, påfjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark. 

Surnadal kommune har motteke farevarsel på oransje nivå for torsdag, fredag og laurdag.

- Sol, varme og vind slik vi no har hatt over lang tid, gjer faren spesielt stor, seier Gunnar Bøe, innsatsleiar brann i Surnadal kommune.

Sløkking av skogbrann i Surnadal, april 2024.

Vis aktsomheit!

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen.

Så tørt som det er no skal det særs lite til for å starte ein brann. Kvar og ein av oss må vise aktsomheit og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt.

Aktsomheitsplikta inneber at ein tek førehaldsreglar for å redusere sannsynlegheita for brann og begrense skadene dersom det skulle oppstå brann. Oppgjort eld må ikkje bli forlatt før den er fullstendig sløkt. 

Hugs at aktsomheitsplikta gjeld overalt, i parkar og hagar, på verandaer og terrassar eller under brennbare tak eller liknande overbygg.

Ved brann eller ulykke ring 110.

Powered by Labrador CMS