Surnadal kommune melder:

En mann og to kvinner, oppstilt for fotografering.
Surnadals nye kommuneoverlege Håkon Furu, flankert av Oddrun Persdotter Fiske frå Miljøretta helsevern og Ann-Elin Stenberg, einingsleiar ved Helse og familie.

– Du kan trygt bade på Kalkstranda igjen!

Det melder vår splitter nye kommuneoverlege, Håkon Furu.

Friskmelder Kalkstranda 

– Med varsla syden-temperaturar til helga er det ekstra hyggeleg for ein kommuneoverlege å starte med å kunne friskmelde ei populær badestrand, seier Håkon Furu. 

Det er mykje god folkehelse i eit forfriskande fjordbad. 

Ny kommuneoverlege

Håkon Furu er kommuneoverlege i Sunndal kommune, og har frå 1. juli kommunoverlegefunksjon i ei deltidsstilling i Surnadal ut dette året. Onsdag vart Furu tatt i mot med blomster av einingsleiar Ann-Elin Stenberg ved Helse og familie. 

Vi ønsker Håkon Furu velkommen som vår nye kommuneoverlege!

Nye prøvesvar

Miljøretta helsevern tok nye vassprøvar ved både Syltøran og Kalkstranda 7. og 8. juli. Grøn kategori betyr at badevasskvaliteten er utmerket, gul kategori betyr god og raud betyr dårleg. 

NemkoNorlab har analysert prøvane, og desse viser no at badevasskvaliteten ved Kalkstranda er utmerket (grøn kategori). Det er også trygt å bade ved Syltøran og dei andre flotte badeplassane i kommunen vår. 

Saka er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Ei badestrand.
Nå er det trygt å bade på Kalkstranda igjen.
Powered by Labrador CMS