ANNONSE: Surnadal kommune melder:

Ekstra tilbod om vaksinering 13. januar

No kan du hoppe på og bestille koronavaksinering eller influensavaksinering til fredag.

Ønskjer du koronavaksine eller influensavaksine?

Alle over 18 år kan få oppfriskingsdose med koronavaksine. Denne vaksinen er gratis.

Helsestasjonen har også ein del influensavaksiner til overs. Denne vaksinen kostar kr. 265. For bestilling av influensavaksinering gjeld først til mølla-prinsippet fram til restlageret er tomt.

Slik bestiller du

Dersom du ønsker å bestille vaksinering til fredag sender du ein e-post om kva vaksine du ønskjer til vaksine@surnadal.kommune.no

Du kan også ringe Vaksinetelefon 913 79 001. Fram til fredag kl. 12.00 vil denne telefonen difor ha utvida opningstid frå kl. 09.00 til 15.00.

Tid og stad

Vaksineringa foregår fredag 13. januar kl. 14.00 - 15.30 på Helsestasjonen.

Informasjonen er hentet frå Surnadal kommune sin heimeside.

Powered by Labrador CMS