ANNONSE:

To menn sloss på taket av et kjørende tog

Full spetting på kulturhuset

Ingen sommarferie på kulturhuset, med kunstutstilling, bibliotek og nokre forrykande filmar!

Såg du for deg ein roleg fredagskveld? Vel, da bør du ikkje ta turen på kinoen. For Tom Cruise har allereie vore gjennom ein slåsskamp på togtaket i Romsdalen og kjørt motorsykkel uti lause lufta på Sunnmøre – og fredag (og søndag og onsdag) gjennomfører han stunta på nytt på kinoen. «Mission Impossible – Dead Reckoning» er valet for deg som er ute etter heftig action! Merk at filmen startar allereie kl. 18.Les du dette før torsdagskvelden, rekk du også å få med deg «Indiana Jones and The Dial of Destiny» (13.07 kl. 18).

En mann står med en motorsykkel på toppen av et fjell og ser ned mot bakken

Disney/Pixar sin «Elemental» er tilbodet for dei yngre. Den går tysdag 18. og torsdag 20. juli.

Et bilde fra en animasjonsfilm

Store kontrastar mellom premierefilmane neste helg: «Oppenheimer» og «Barbie».

Men sjølv om det er full spetting i kinosalen, er det også vanleg drift ved biblioteket. Opningstidene er kl. 11–15 måndag–fredag, samt romsleg «bonustid» for dei som har meirope tilgang.

Elles minner ein også om opning av kunstutstillinga «12 prosjekter med lokalsamfunn» på kulturhuset laurdag 15. juli kl. 15 – ei utstilling delt med Surnadal Billag der ein opnar to timar tidlegare på laurdagen.

Powered by Labrador CMS