ANNONSE:

En plakat om et gratis arrangement i Surnadal bibliotek 15. mars kl 17.30. Fra liten til kjempestor - Dyrenes rekordbok. Bildet viser en isbjørn på isen ved havet.

Frå bittelite til kjempestort

Surnadal bibliotek vil, som medlem av Litteraturhus i Møre og Romsdal, invitere spesielt barn i alderen fire til åtte år til eit møte med det mest fantastiske frå dyreverda.

For naturen er full av fantastiske dyr som er ekspertar på dei raraste ting. I den gjennomillustrerte faktaboka Dyrenes rekordbok møter du verdsmeistrar i alle slags kategoriar.

Du får vite kven som hoppar høgast, spring fortast, er tyngst, størst og minst. Og så får du vite mykje anna rart om korleis dyr søv, tissar, sveittar og ropar!

Søstrene Katharina og Linnea Vestre har arbeidd saman for å samle og presentere alle desse fantastiske rekordane om dei mange ulike dyra som finst på jorda vår.

Sia dei to vil bruke lerret, har vi denne gongen lagt boktreffet til kinosalen, og det onsdag 15. mars kl. 17.30.

Gratis inngang – velkomen!

Powered by Labrador CMS