ANNONSE: Surnadal kulturhus melder:

Litterært pusterom på onsdag

Biblioteket på Skei inviterer alle til litterære pusterom den andre onsdagen i kvar månad (med nokre unnatak for sommaren). Første gongen i år blir difor onsdag 11. januar kl. 18 i lesesalen på biblioteket.

I desse pusteromma blir det høgtlesing av noveller og dikt, med samtale undervegs og i etterkant av korleis ein opplever teksta. Det er ikkje meininga å gjera ei analyse av tekstene, men heller å undre seg over det ein har høyrt.

Rolf Arne Berg og Kirsti Hjørnevik er med som leseleiarar og ein må melde seg på til biblioteket i forkant, både for å sikre seg at gruppa blir passande stor, og av di ein vil spleise på kaffe og litt attåt. Ta difor med 20 kr til spleisen.

Du kan melde deg på via facebook, e-post til biblioteket@surnadal.kommune.no eller ved å sende SMS eller ringe 476 80 797 på dagtid (kvardagar).

Powered by Labrador CMS