Tina, Ane, Håkon og Jonas med diplom.

Elevar frå Surnadal i UngeAbel

Fire elevar frå Surnadal barne- og ungdomsskule har hatt ei litt uvanleg skuleveke, med tur til Gardermoen og semifinalen til UngeAbel.

Publisert

UngeAbel er ein mattekonkurranse som blir arrangert for 9.-klassingar kvart år. Heile klassen 9EF var med i kvalifiseringa, saman med 141 andre klassar frå heile Noreg. Kvalifiseringa besto av to rundar med problemløysings-oppgåver som klassen skulle løyse i lag. Etter ein første runde med små feil og ein feilfri andre runde kom gladmeldinga om at 9EF var ein av 16 semifinale-deltakarar.

Det var da den eigentlege jobben med konkurransen begynte. Klassen skulle både jobbe med ei fordjupingsoppgåve om tetraeder, skrive ein omfattande rapport, lage ein presentasjon og ei utstilling til temaet «fraktalar». Det blei nok litt mindre jobbing med «vanleg» matematikk i ein periode, men det blei mykje bra samarbeid om matematiske tema i klassen. Alle fekk bidra på sin måte, nokon med rekning, nokon med skriving, nokon med programmering og nokon med å lage filar til 3D-printing.

Eigentleg skulle vi gjerne ha sendt heile klassen til semifinalen, men måtte plukke ut fire representantar og det var Ane Dahl Andreassen, Håkon Hoem, Jonas Hamnes Øye og Tina Sæterbø som til slutt satt på toget for å reise til Gardermoen, saman med mattelærar Friederike Zwick.

Tina, Ane, Håkon og Jonas på toget til Gardermoen.

Framme på hotellet blei utstillinga rigga, før det var moglegheit for å bli kjent med dei andre gruppene. Det var på dag to at det blei alvor. Surnadals-elevane var tidleg ute i programmet og presenterte suverent prosjektet sitt som nummer to framfor ein full sal. Ein skulle tru at det var kjedeleg å sjå på 16 presentasjonar om same tema, men det var ganske underholdande å få høyre korleis andre klasser hadde løyst oppgåva.

Som neste utfordering gjaldt det å overbevise juryen om kvalitetane med utstillinga. For å få ein kort pause frå matematikken, blei det eit lite samfunnsfaginnslag på ettermiddagen, med ein tur til Eidsvollbygninga, før elevane måtte jobbe seg gjennom seks nye vanskelege problemløysingsoppgåver under tidspress. Lærarane måtte halde seg langt unna, og fekk i oppdrag å løyse dei same oppgåvene. Dei visste dermed akkurat kva elevane måtte streve med.

Etter middagen blei det kunngjort kva for tre lag som skulle kjempe i finalen siste dagen. Det var nok litt skuffande at Surnadal ikkje var blant dei første tre, særleg sidan elevane berre var eitt poeng unna topp tre.

Siste dagen var ganske avslappa for elevane frå Surnadal, som var publikum under finalen og fekk prøve seg på oppgåvene samtidig som finalistane, berre heilt utan stress. Vi kan røpe at dei klarte seg svært bra med desse oppgåvene også.

Dette er noko som vi absolutt kan anbefale fleire å prøve seg på. Ikkje berre lærar ein mykje om både matematikk og samarbeid, ein kan også bli kjent med matematikkinteresserte elevar frå heile landet og få mykje inspirasjon. Og vi kan konkludere med at Surnadal barne- og ungdomsskule har nokon av dei smartaste matteelevane i heile landet.

Utstillinga har komme på plass og dei andre elevane frå 9EF er med på plakaten.
Klassen har brukt skulen sin 3D-printar til å lage ein fraktal.
Det var nok mange som var nervøse, da dei skulle presentere prosjektet sitt framfor ein full sal.
Tur til Eidsvoll.
Powered by Labrador CMS