Surnadal IL alpin

Alle deltakarane før start. Klubbrenn i Super G i ein bakke bada i sol må vere ein flott start på påskeferien

Jentedominert klubbmeisterskap i Super G

-stor fart og fine forhold

Publisert Sist oppdatert

Åtte av dei tolv deltakarane som stilte til start i SG i dag var jenter. Det er litt stas at jentene dominerer i ein fartsdisiplin. Frå mast elleve suste dei ned ei lang, bratt løype i vill fart. SG blir køyrd i klassane U12 og eldre.

Ane, Selma, Ida, Maja og Eirin sjekker tida frå prøveomgangane, og har god tru på at det blir høg fart i avgjerande runde. Selma køyrer i U14, resten i U16.
Bea og Margrethe var dei to yngste jentene i dag, i klassen U12, rutinerte, men relativt ferske i denne disiplinen. Bea stakk av med seieren.
Even og Sivert er gode kompisar. Denne gongen stakk Sivert av med seieren i U12.

Det nærmar seg slutten på ein lang og god sesong for alpingruppa. Det er tydeleg at gjengen er samansveisa, for før start er det mykje latter skarvling og oppbacking. Somme var usikre på om dei hadde skikkeleg rennkjensle, men det vart det råd for. Her skulle det køyrast fort.

Ida Mogstad sette i veg med mykje kraft ned bakken. Ingenting overlett til tilfeldigheitene. Hestehalen vart gøymd i dressen for å minske luftmotstand. Det held til ein tredjeplass.
Håkon Hoem får ein peptalk med Terje Haugen, det held til klubbmeisterskap i dag. Han var relativt godt nøgd med eiga køyring:

Dette var første del av klubbmeisterskapet. Laurdag blir det køyrd slalom og storslalom for dei same klassane, i tillegg til super slalom for U10. I desse disiplinane er det venta stor deltaking.

Bla med pilene for fleire bilde og resultat:

Powered by Labrador CMS