Stangvik historielag melder:

The Invalidos, Lars Steinar Ansnes, Ole Magne Ansnes og Torbjørn Polden er bidragsytarar under arrangementet i Myrvang.

Fintenkjarkveld med nogo attåt i Myrvang

Pressemelding fra Stangvik historielag

Tysdag 5. desember kl. 19 inviterar Stangvik Historielag til fintenkjarkveld i Myrvang. Her skal den ferske boka til Lars Steinar Ansnes, «Tankar og tekster frå Fintenkjarplassen», presenterast. I tillegg blir det ein del anna triveleg program.

Med seg til å presentere boka har Lars Steinar broren Ole Magne. Med utgangspunkt i felles oppvekst, verdibakgrunn og interesser, byr dei to på ein samtale som inneheld både skjemt og alvor. Ole Magne har med platespelar, og krydrar samtalen med musikkinnslag frå 60- og 70-talet.

Torbjørn Polden stiller i Myrvang med nyskriven prolog. Vidare blir det musikk av The Invalidos, lansering av årsskriftet til Stangvik Historielag og salg av kaffe og kaker.

Lars Steinar Ansnes sel signerte bøker under fintenkjarkvelden. Ein får også kjøpt jubileumsboka til IL Søya og bøker frå restlageret til trioen Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes til ein god pris.

Medlemmar i historielaget kan hente årsskriftet under førjulskvelden. Ikkje-medlemmar som teiknar medlemskap og betaler kontingent for 2023, får også heftet gratis.

Powered by Labrador CMS