F.v. Tania Yu Auglend, Aurora Dønheim Berle, Heidi Fiske, Una Langeland Gravvold og Kjell Gunnar Polden.

To sølv og ein bronse i digital TaeKwon-Do-turnering

Utøvarane frå Surnadal NTN TaeKwon-Do-klubb har gjort seg positivt bemerka i ei stor, internasjonal turnering i disiplinen mønster.

Turneringa vart gjennomført digitalt, ved at dei påmeldte utøvarane i kvar klasse vart sett opp mot kvarandre, ein og ein, i eit turneringsformat, frå 1/64-finale og heilt fram til finalen. Mønstra vart spelt inn på video på førehand, og kva mønster som skulle gjennomførast i dei ulike rundane vart avgjort ved trekning.

Trollheimsporten skreiv om turneringa onsdag, og no er resultata klare.

Heidi Fiske, som deltek i klassa 1. Dan (svart belte) junior 12-14 år, tok sølv, etter finaletap mot ein italiensk utøvar.

Tania Yu Auglend, som konkurrerer i ei svært tøff klasse for 2. Dan, vann og sølv.

– Tania tapte mot ei frå Japan, som er blant dei beste eg nokon gong har sett. Så no har vi noko å jobbe mot, smiler trenar Kjell Gunnar Polden.

Una Langeland Gravvold og Aurora Dønheim Berle, som begge er på landslaget i sparring, gjorde begge ein god figur i klassa 1. Dan junior 15-17 år.

Dønheim Berle tapte til slutt for ei nederlandsk jente i kvartfinalen, medan Langeland Gravvold tok ein sterk bronsemedalje.

– Vi må vel seie at resultata var over det vi forventa, men eg veit at dei er veldig gode, så overraska er eg ikkje, seier Polden til Trollheimsporten.

Powered by Labrador CMS