Todalen og Stangvik oppvekstsenter:

fem jenter med dame foran skole
Førsteklassingane saman med kontaktlæraren sin, Britt Mossing.

Fem spente førsteklassingar 

Publisert

Måndag var det skulestart, og ekstra spanande var det nok for dei nye førsteklassingane som skulle ha sin aller første skuledag. 

Ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter var det fem jenter som byrja på skulen denne måndagen. Dei vart tekne imot av kontaktlæraren sin, Britt Mossing, rektor Laila Buskenes Aune og ordførar Hugo Pedersen.

Dette er årets førsteklassingar ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter:

- Frøya Sæterbø
- Ronja Aasgård
- Anea Husby Andersen
- Anna Melkild
- Marta Brøske

klassebilde av førsteklassinger med kontaktlærer og ordfører
Fem spente jenter vart tekne imot av ordførar Hugo Pedersen og kontaktlærar Britt Mossing. F.v.: Frøya, Ronja, Anea, Anna og Marta.

Sjølv om jentene var litt spente, var dei alt godt kjende med både bygget og folka. Det siste året i barnehagen har dei hatt avdeling berre nokre få steg ned gangen, og dei siste vekene før sommarferien hadde dei Britt som førskulelærar éin gong i veka.

Dei fem førsteklassingane skal dele klasserom og vere i klasse saman med fire andreklassingar.

Powered by Labrador CMS