Jenny Elshaug feirar 100 år - men kven er ho?
Det lille nurket Jenny såg dagens ljos 4. juli 1923. Ho vaks opp som den yngste i ein søskenflokk på sju. Seinare stifta ho familie, og har fått ein stor, fin bukett med etterkommarar. Det første tippoldebarnet er alt komen til verda, og det andre er på tur. Sprek og positiv som ho er, tok ho sjølv initiativ til å feire 100-årsjubileet med heile 50 gjestar.
98 år i Rindal
4. juli fyller Jenny heile 100 år. I den forbindelse kom Trollheimsporten heim til ho ein tur. Der blei den utsendte møtt av mange blide fjes, og jubilanten sat klar til intervju.
På bordet ho sat attmed stod det allereie mange gratulasjonskort på rekkje og rad ved biletet av oldebarnet Albert. På veggane og ellers rundt om i husværet var det mange bilete i glass og ramme av hennar kjente og kjære. Det er mange som set sine spor gjennom 100 år hos ei sosial kvinne.
Potetferie, onna-arbeid og innlagt vatn
Jenny fortel at ho har budd i Rindal heile livet, bortsett frå eit par år under krigen. Då budde ho på ein stor gard på Storås, der å laga mat og å ta fjøsstell var to av mange oppdrag ho tok seg av.
Rindalsjenta vaks opp som den yngste i ein søskenflokk på sju på Landsemholten. Ho gjekk på skulen i sentrum i Rindal, og hugsar potetferien i ordets rette forstand. Då samlast dei på gardane og plukka potet «gardimellom», som ho sjølv forklarar det.
– Dei slo seg i hop og plukka potet i sams gardane.
Ho minnast hesjing og onnaarbeid, og ikkje minst då dei tok med dyra til Rørdalen. Då spaserte dei frå Landsemholten til Rørdalen, der ho om somrane hjalp til med å drive garden Skarset ved Rørvatnet.
Det har skjedd mykje gjennom hundre år, og Jenny fortel at det var storveies da dei fekk inn vatn. Då slapp dei å skylja kleda i bekkjen.
– Vi drog kleda i ei lita vogn, mimrar ho.
Glad i heimen
Jenny og mannen Albert starta bygginga av huset Hegly under krigen, og dei gifta seg i fredstid - i 1946. Der fekk dei tre barn på berre fire år. Barna vaks opp der på Elshauggardane kor Jenny kosa seg i heimen med barna.
Ho var - og er - glad i blomar, så mellom middagsmating og klesvasking har ho bruka mange timar på hagearbeid.
I løpet av hundre år har ho strikka eit utenkjeleg antal masker som har resultert til utallige mange strikkeklede. Då barna var små, strikka ho både til sine eigne barn og nabobarna.
Og fleire har òg nytta varmen av kleda. Ho har strikka til Lillunn Sport. Jenny forklarer at ho strikka store trøyer og alt som til.
– Det er det einaste eg har gjort som det har vore gagn i, ler jubilanten.
Mange etterkommarar
Som sagt, fekk Jenny og mannen Albert tre barn. Etter det har det kome sju barnebarn, heile femten oldebarn og eit tippoldebarn. Det andre er på veg. Tilsaman er det straks 27 etterkommarar.
Trossa korona og lungebetennelse
Det ser ut som om helsa har vore sterk heile livet. Enno som 100-åring sit ho spegelklår og følgjer betre med i samtalen enn kva mange andre ville gjort. Det tek ho ikkje som ein sjølvfølgje, og er særs takksam for at hovudet er klårt.
På spørsmål om korona, kan ho fortelje at ho fekk det to gonger. Den eine gongen fekk ho lungebetennelse i tillegg.
Sykepleiaren spurte om ho ville på sjukehus eller om ho ville vere her på Rindal helsetun.
Jenny forklarar at ho gav dei eit tydeleg svar:
– Eg vil vere her for eg synes de er så "gauv", smiler ho.
Sorg og tryggleik
Ho har budd på Rindal helsetun i litt over tre år. Fram til da budde ho heime, med god hjelp av datra Jorunn som budde på Melhus. Ho besøkte mora nesten kvar helg.
Etter Jorunn sin tragiske bortgang, ville Jenny sjølv flytte til Rindal helsetun. Det er ein tryggleik å bu der, og det er sosialt.
– Ein slepp å sitje inne åleine da.
Her tek ho rullatoren fatt og møter ein gjeng uti gangane om kveldane. Då blir det sosialt med kaffe og kaffebrød.
Meir sosial
Men ho er sosial utover det daglege på Rindal helsetun. Når nokon ber inn til innkvart eller arrangerer noko, er den positiv dama lett å be.
Då Rindal pensjonistlag nokre dagar etter åpninga av iTrollheimens store nyskaping "Home of the Trolls" inviterte sine medlemmar og andre pensjonister til eit besøk på Trollheimstunet, blei Jenny villig med. Der introduserte ansatte av iTrollheimen pensjonistane om funn av og personlegheiter til troll i Trollheimen.
Nederst i denne saka ser vi bilete av korleis Jenny fekk skyss den siste biten av turen, då ansatte av iTrollheimen bisto dei som hadde behov for skyss fram til tunet. Biletet viser ein sprek 100-åring som sporty blei med på ATV-tur, der ho var faststroppa i ein stol på tilhengaren. Kanskje ho bokstavleg tala vart trollbunden?
Jubileum
Opp gjennom 100 år har det vorte mange å bli glad i. Sosial som ho er, greip ho no moglegheita og tok sjølv initiativ til feiring på Bolme Pensjonat der ho inviterte heile 50 gjestar.
Alle inviterte kom og feira saman med Jenny sundag. Det var innmari fint å få samle den store gjengen. Jenny var særs godt opplagt og var i storform der ho fekk snakka med alle gjestane. Ho set stor pris på alle som kom. Det var ein flott og minnerik dag.
Ellers har mange kome innom den koselege leiligheita hennar i anledning dagen, kor dei møter den imøtekomne jubilanten.
Tysdag vart 100-årsdagen feira i triveleg lag med kaffe og kaker med familien, pleie- og omsorgsledar Grete Ranes Heggem, ordførar Mildrid Kattem Aune og Bjørn Heggem frå Rindal Sparebank.
Trollheimsporten gratulerer den spreke 100-åringen med jubileet.