Utsikt frå Brekka

Rindalingar i tåkeheimen

Rindal Røde Kors Besøkstjeneste arrangerte tirsdag ein grensesprengande busstur for medlemmer og andre interesserte. Turen kryssa fire fylkesgrenser, men var innom berre to fylke.

Publisert

Turen starta på Rindal Rutebilstasjon med Kjell Bråten som rutinert sjåfør. Vi kjørte opp Rindalen og Rørdalen og plukka opp passasjerar, den siste og eldste på Gåsvatna.

Orkland - Heim

Turen gjekk så gjennom Hoston og Svorkbygda til den gamle Hemnevegen, opp mot Høgkjølen, for å følgje E39 (med fartsgrense 90!) til Stokkhaugen. Der svinga vi nordvestover etter 714 - Laksevegen til Våvatnet, for så å svinge vestover til Vennastranda, Berdal, Holla og Kyrksæterøra.

Vuttudalen i Orkland, tidlegare Snillfjord, med vindmøller
Holla smelteverk, ein stor arbeidsplass i Heim
Kyrksæterøra

Tåkeheimen (toppbildet)

Frå Kyrksæterøra gjekk turen etter Rv680 over Brekka for å nyte utsikta over Årvågsfjorden. Da hamna vi i tåkeheimen! Leitt for dei som ikkje hadde opplevd denne flotte utsikta før. Heldigvis var veret langt betre på resten av turen.

Gammellåven

Det som møtte oss på Gammellåven hos Kari og Arve Goa gjorde at humøret raskt var på topp igjen. Låven og kjørbrua var innreidd som selskapslokale, gardsbutikk og gardsmuseum.

Her var borda dekka med lunsjtallerken, velsmakande, mellom anna med spekemat frå sauene som familien hadde i fjøset under låven. Måltidet runda vi av med fruktdessert og kaffe. Mange handla med seg både saueskinn, salta lammekjøtt og spekemat.

"Barsau"

Arve Goa kunne fortelje at første skriftlege kjelda nemner bruket i 1540. No er det fire generasjonar som er knytta til bruket.

Gammellåven er open for servering og salg i helgane.

Aure kyrkje

Aure

Neste stopp var Aure sentrum. Dette var det ein lengre stopp der folk kunne gjere seg litt kjent ved å gå rundt i sentrumsområdet, handle i butikksenteret og kose seg med kaffe og kake.

Nedafor ser du bilde av to bautasteinar som stod ved Aure kyrkje.

Til minne om dei som fall under siste krigen
Tuseårsstad 2000. nedafor ser du plakettane som er på framsida og baksida av bautasteinen

Heimtur

Heimturen gjekk via ferga Aresvika - Hennset, Halsa og Surnadal. Etter mesta 10 timars tur med varierande veg- og verstandard, var det godt å komme heim til kjente trakter med gode minner frå bygdene i grenseland mellom Møre og Trøndelag.

Turen var godt planlagt av Anne Bjørnholm, som bur i Aure, og Kjellaug Foseide, som er født på Vennastranda i Snillfjord. Det var nok grunnen til at turruta vart slik.

Bjørnholmen, der mannen til Anne Bjørnholm er ifrå. Heimen er på andre sida av holmen.
Blikkstille i Foldfjorden
På veg over Vinjefjorden
Tustnastabbane
Kjente trakter, med gulnande åkrar som minner om haust
Powered by Labrador CMS