Nyopning av Rindal Bensin & Service

Nyopning med marsipankake!

Nytt kjøkken og nye drivstofftankar

- Eg har fått kjøkkenet slik eg vil ha det, sa Stian Kooyman om det nye kjøkkenet Rindal Bensin & Service har fått etter oppussinga.

Publisert

Når det gjeld kjøkken, så er ikkje Kooyman nokon amatør. Han er faglært kokk og har firmaet Kjøttskjæreren Kooyman.

No har han og Malin Bjørnås tatt over drifta av Rindal Bensin & Service, YX-stasjonen i Rindal, som på folkemunne framleis går som Texaco. I tillegg til drivstoff og kiosk har stasjonen også hatt godt mattilbod og spiseplass.

Kooyman fortel at da han kom i samtale med Nils Ragnar Bjørnås, tredje generasjons drivar, om overtaking av stasjonen, var det inga nøling! Nils Ragnar blir med i styret og blir vaktmester, og dottera Malin blir fjerde generasjon på YX Rindal/Texaco i Rindal.

YX Norge

Velkommen til YX Rindal, Rindal Bensin og Service

YX Norge er eit norsk selskap som markedsfører seg med dei norske fargane, og Kooyman er glad for å ha dei med på laget. Dei har støtta ombygginga og oppdateringa av tankane med 750 000 kr etter at ein hadde problem med vatn i tankane.

Tung tid

Salget i desse korona-tidene har vore største utfordring. Kooyman innrømte at det var tungt å ta over drifta denne tida. Han har i tillegg til full jobb i Rindal kommune, jobba over 600 timar kveld og helg her utan å ha teke ut lønn for det. Heldigvis ser det ut til å snu litt no slik at han kan klare seg når ha snart avsluttar jobben hos kommunen. Han understrekar at han har vore godt fornøgd med å jobbe i kommunen, men at han no er klar for nye utfordringar.

Det ser ut som kundane likar det dei ser inne i den nyoppussa butikken med rein og moderne utsjånad, og dei tilsette gler seg over at det er litt travlare dagar.

Wenche Jonli og Stian Kooyman klar til å servere marsipankake

Målet er å tilsette fleire slik at dei kan vere to på vakt meir enn berre i helgane, og han lover ei serviceinnstilt betjening med kundane i sentrum!

Slik møter butikken oss
Stian viser fram kaffebaren
Slushbaren

Kokken

Med kokkebakgrunnen sin tek Kooyman kjøttskjærebedrifta med seg og satsar mykje på mat, både servering i eige lokale og catering.

Buffeen blir avvikla. Det blir satsa på møtemat og enkle lunsjrettar som wraps (potetkake, lompe, taco-lefse o.l.) med ymse innhald.

Kooyman understrekar at han ikkje ville konkurrere med eksisterande bedrifter, men utfylle dei ved å satse på andre vekedagar.

Kjøttskjæraren

Kjøttskjæreren Kooymann er hjertebarnet til Stian.

- Det skal bli eigen burger her! Hjorteburger er utruleg saftig og god, slår kokken og kjøttskjæraren fast, - men det blir ikke i morgå!

Datamannen

Datamannen Kooyman er igang med å utvikle ein app for mobiltelefon i lag med YX Norge. Der kan kundane bestille og betale mat etter ein meny og sjå kor lang tid det er til den er ferdig. Kanskje den blir slik at du kan bestille mat frå hytta før du kjører heim søndag ettermiddag, og plukke den rykande fersk og ferdig på Texaco (Rindal Bensin & Service)!

Blomsterpiker frå Rindal Sparebank, Alf Kvam og Rindal kommune

Nyopninga

Nyopninga fredag var lagt til midt på dagen av korona-omsyn for at det ikkje skulle komme for mykje folk samtidig, men kaffe og eit stykke av den store marsipankaka står klar for deg heile dagen!

Ordførar Vibeke Langli overrakte blomster

Takk

Stian Kooyman retta også ein takk til representantane for det lokale næringslivet som var møtt fram på nyopninga. Han var svært glad for den hjelpa han hadde fått frå Rindal Sparebank, og av dei andre bedriftene nemnte han særleg Alf Kvam som hadde skapt kjøkkenet slik han ønska det både i kvalitet og utforming.

Arnhild Foseide Fagerholt overrakte blomster frå Rindal Sparebank
Tom Godtland overrakte helsing frå Rindal Næringsforening

Han takka også Rindal kommune som gav 200 000 kr i tilskott til eigedomsselskapet. Arbeidet med drivstofftankane viste at det var meir problem med vatn enn dei hadde rekna med, så budsjettet sprakk – det vart dobbelt så dyrt som budsjettert.

Bortsett frå hjelp med drivstofftankane frå ein entreprenør frå Trondheim, så var alt arbeidet utført av lokale bedrifter.

Middag

Bedriftene blir invitert til tre-retters middag, fortel Kooymann.

- Vi vil vise dei kor mykje dei betyr for oss, sa han under nyopninga.

På lengre sikt lovar han oppussing og ny innredning i kaféen også.

På sikt er det også planar om å rette opp arealet sør for stasjonen. Tømmestasjonen for bobilar blir flytta dit, og det blir god plass for parkering av vogntog. Og sjølvsagt må det bli ladestasjon for el-bilar!

Det var ei stor marsipankake
Frå opninga

Du er sjølvsagt velkommen innom for å sjå på resultatet av oppussinga, og kaffe og marsipankake får du heile ettermiddagen!

Rindal Bensin & Service er medlem av Trollheimsporten.

Powered by Labrador CMS